Sjefsskifte i Hjelmeland Sparebank

Súsanna Poulsen gir seg som banksjef i Hjelmeland Sparebank, og går over i stilling som rådgjevar i banken.

Banksjef Susanna Poulsen i Hjelmeland Sparebank.
Publisert: Publisert:

Hjelmelands-banken skriv i ei pressemelding at at styrte er blitt enig med Poulsen at ho fråtrer stillinga denne veka, nærare bestemt 20. juni.

Styret takkar den avtroppande banksjefen for eit godt arbeid som sjef i banken, og ynskjer henne lykke til i ny stilling og vidare studiar.

Merete Marthinussen skal fungera som banksjef inntil vidare til ein ny og permanent banksjef er på plass. Marthinussen var salsleiar i banken, og har vore tilsett i Hjelmeland Sparebank i 11 år.