Leiar i Finnøy Frivilligsentral, Ragnhild Valand oppmodar lag og foreiningar til å ta i bruk foreningsportalen. Foto: Arkiv

FINNØY:

I Rennesøy ligg 30 lag og foreiningar inne i portalen.,

Med eit slikt digitalt verktøy får alle som vil tilgang til informasjon og alt som skjer av aktivitetar i dei  forskjellige lag og foreiningar. Dette er nyttig både for innbyggjarane, besøkande, tilflyttarar, kommunen, frivilligsentralene og foreiningane sjølve. Førebels er det berre rundt 20 prosent av alle frivillige lag og organisasjonar i Finnøy som har registrert seg i portalen.

Prøver på ny

- Då frivilligsentralen i Finnøy blei etablert i 2014 hadde me eit møte med «alle» lag og organisasjonar for å høyra kva dei ønska seg. Tilbakemeldinga frå samtlige den gong var ein felles foreningsportal. Ein felles nettstad kor alle kan legga ut nyttig informasjon om kva som skjer i den enkelte foreining/lag, det kan vera møter, konsertar, aktivitetar, kurs, turar, føredrag og mykje meir. Sidan har det ikkje skjedd så mykje. No er sida blitt endå betre så eg tenker det er på tide å ta dette opp igjen, seier leiar i frivilligsentralen, Ragnhild Valand.

Kontaktpersonen i kvart lag får ein kode slik at vedkommande kan logga seg inn og legga ut eigen informasjon. Jo fleire som legg inn informasjon, jo meir interessant blir portalen. Difor blir portalen meir og meir innhaldsrik jo fleir som brukar den.

Portalen erstattar dei gamle listene over lag og foreiningar som tidlegare låg på kommunen sine heimesider.

Jo fleire jo betre

Leiar i Frivilligsentralen i Finnøy, Ragnhild Valand, ber leiarar og andre som er med i lag og organisasjonar, om å oppdatera informasjonen inne på nettsida.

– Viss alle oppdaterer informasjonen om sitt lag eller foreining inne i portalen, vil det vera svært mykje enklare for alle andre å skaffa seg oversikt over kva som finns av aktivitetar i regionen, kor dei er lokalisert, kven som er leiar og korleis ein kan kontakta dei. Tanken bak Foreningsportalen er at dette skal vera eit effektivt hjelpemiddel som er enkelt å bruka, sa Valand til Øyposten like etter at portalen blei oppretta.

Vil du vita meir om Foreningsportalen kan du anten gå inn via Frivilligsentralen si side, eller foreningsportalen.no