Thomas Jacopsen (t.v.) og Ola Aukland i firmaet Haug Maskin AS er i gang med fiberlegging på Brimse.|Utstyret er klart for fiberlegginga på kaien på Brimse.|ASrbeidskarane er avhengig av eigen båt for å koma seg til Brimse, og av og til kan det vera ein sur tur frå Rennesøy og over. Her er Thomas Jacopsen (nærast) og Ola Aukland på veg over.

BRIMSE

: Arbeidet med å legge fiber på Brimse blei starta av Haug Maskin AS torsdag.,

– Me byrja nede på Gangenes. Me har lagt ut sjøkabel frå Rennesøy-sida som skal over til Brimse, fortel leiar Kurt Gangenes til Øyposten, onsdag ettermiddag.

500 meter med kabel

Haug Maskin AS held til vanleg til på Hundvåg, men skal legge kabel på Brimse. Arbeidet er prosjektert av Lyse.

Utstyret er klart for fiberlegginga på kaien. Foto: FOTO: Privat

– I dag har me også tatt turen over med både maskiner og lastebiler med masse. Ferga til skyssbåtservice har ein lenger lem, så det har ikkje vore noko problem at det har vore trøbbel med kaien. Og me har ein arbeidsbåt til når me sjølv skal pendle dit for å arbeide, sa Gangenes onsdag.

– Kor lang tid vil prosjektet ta?

– Det er litt uvisst. Hovudarbeidet er 500 meter med kabel, men me veit ikkje heilt ennå kor mange av hyttene som skal knyttes til dette. Når me nå kjem i gang kan det fort ta litt lenger tid enn antatt, seier Gangenes.

Arbeidskarane er avhengig av eigen båt for å koma seg til Brimse, og av og til kan det vera ein sur tur frå Rennesøy og over. Her er Thomas Jacopsen (nærast) og Ola Aukland på veg over. Foto: FOTO: Privat