Stavanger vil prøva å få bygdevekstavtale for øyane i nord

Kommunedirektøren skal nå sjekka med regjeringa om Stavanger kan få bli med i ordninga med «bygdevekst-avtalar». Men det blei ytra sterk tvil i kommunestyret måndag om Stavanger vil bli vurdert som ein distriktskommune.

Stavanger har mange mange vakre øyar, men ein del av dei slit med folketalet. Biletet er frå nedre Eike på Halsnøy i sommar som var.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

STAVANGER: Det var Krfs Henrik Halleland som tok opp den utfordrande situasjonen med nedgang i folketalet på øyane i Finnøy som er avhengig av ferje.,

Halleland viste til at Støre-regjeringa i Hurdals-plattforma har sagt den vil oppretta bygdevekstavtalar, kor eit par skal opprettast i kvart fylket. Dette er eit spleiselag mellom regjeringa, statsforvaltaren og kommunane om næringsutvikling i distrikta.

Halleland ville at Stavanger skulle søkja på å bli med i ein bygdevekstavtale for øyane i Finnøy utan fastlandsforbindelse. Han framheva også Øyfast som viktig for å kunna snu folketalsutviklinga.

 Henrik Halleland (krf)

Ordførar Kari Nessa Nordtun var langt på veg enig, men stilte likevel spørsmål ved om staten ville rekna Stavanger som ein distriktskommune.

-Men at me har distriktsutfordringar, er det ingen tvil om, sa ho.

Nessa Nordtun meinte også at det ville vera ein god anledning til å fremma Øyfast når regionalplanane for fylket skal opp til ny behandling til hausten.

 Stavanger-ordfører, Kari Nessa Nordtun (Ap)

Eit enstemmig kommunestyre slutta seg til forslaget frå ordføraren om å be kommunedirektøren undersøkja mulighetene for Stavanger kan få ein "bygdevekstavtale".

Kommunestyret var imidlertid delt når det galdt Øyfast, eit prosjekt som både Venstre og mdg er klart i mot.

Venstre ville heller satsa på hyppige ferjeavgangar og utslippsfrie hurtigbåtar, mens MDGs Håkon Fossmark meinte øyane i Ryfylke vil missa særpreget sitt viss det blei bygd "vegar, bruer og tunnelar" slik Henrik Halleland foreslår.

-Då vil dei ikkje lenger vera øyar, meinte Fossmark, som likevel enda med å støtta forslaget om at prosjektet blir utgreia.

Høyres Sissel Knutsen Hegdal ba alle kommunestyre sine representantar ta ein tur ut i øyriket for å sjå kva muligheter som ligg der. Også ho var "meget bekymra" for folketalsutviklinga, og støtta forslaget om å utreda Øyfast.

 Sissel Knutsen Hegdal (h)

-Då vil me få eit betre grunnlag for å ta ei beslutning om Øyfast, sa Høyres ordførarkandidat.

Fleirtalet i kommunestyret ber om at Øyfast-prosjektet blir prioritert i forbindelse med den nye regionalplanen for Ryfylke, som kjem til behandling i fylket i haust.

Venstre stemde mot av miljøhensyn, mens Krf, Frp og Pensjonistpartiet stemde mot dette punktet fordi Finnøy nå er ein del av Stavanger, som igjen er ein del av regionplan Jæren.

-Me vil difor ha svært lite å seia når det gjeld regionplanen for Ryfylke, meinte Halleland.

Publisert: