79-åring tar doktorgrad på UiS

Tidlegare fylkesmann, statsråd og stortingsrepresentant Tora Aasland (79) skal forsvara doktoravhandlinga si i samfunnsikkerhet ved Universitetet i Stavanger.

Publisert:
Tora Aasland tar doktorgrad på universitetet i Stavanger.

STAVANGER: -Kva kjenneteiknar samvirke som arbeidsform i redningsteneste og beredskapssamarbeid i Norge, og kva truslar står denne arbeidsforma overfor i dag, er problemstillinga i avhandlinga, som ho skal forsvara 16. juni.

-Eg har hatt stor nytte av eigne erfaringar, mellom anna som leiar av fylkesberedskapsrådet, seier Aaasland mellom anna i pressemeldinga frå UIS.

Aasland er 79 år, frå Skien og er gift med den kjende jærbonden Taral Oma jr. Ho er utdanna sosionom og sosiolog frå universitetet i Oslo. Aasland var fylksmann i Rogaland frå 1993 til 2013, og var stortingsrepresentant for SV.

  1. Stavanger