Sverre Jan Reilstad t.v, Kristian Reilstad og Sigbjørn Eggebø er ikkje tilhengarar av alkoholservering på kafeen på innbyggartorget.

FINNØY:

Etter ei rundspørring blant gjestene i kafeen tysdag, var det nokså tydeleg at dei fleste ikkje ikkje tykte skjenking var ein fordel.,

Fleire av dei me snakka med ønska heller ikkje å uttala seg. For ander var dette så nytt at dei hadde ikkje rekt å gjera seg opp ei meining.

Passar ikkje

Løyvet er gitt til kaféen pluss utearealet, med anledning til å servera frå klokka 10.00 fram til klokka 01.30 alle dagar. Men på sundagar får serveringa ikkje byrja klokka 1200.

- Nei, kva skal eg sei. Det er ikkje om å gjera med alkoholservering på ein slik stad som dette. Personleg har eg aldri brydd meg om alkohol. Eg tenker at her er det så mykje born og unge som går, difør bør det ikkje serverast alkohol. Det seier Sverre Jan Reilstad, èin av gutegjengen som møtast fast til lunsj på kafeen.

- Eg tenker vel langt på veg det same som Sverre Jan. Strengt tatt tykkjer eg det er unødvendig med to tette skjenkestader i Judaberg sentrum, seier Kristian Reilstad.

,-

Ikkje i slutta lag heller

?,

- Altså, det blir litt annleis. Det får heller vera ok då, men på dagtid, nei,nei.

- Eg stiller meg negativ til skjenking, uansett kva tid det er på døgnet, men elles er eg ikkje negativ, ler  Sigbjørn Eggebø.

Ekstra inntekter

Joakim Moberg Wiborg opplyser til Øyposten at løyve til å servera øl og vin er meint som eit tillegg til maten, og ikkje som ein pub.

- Den kjem lenger ned i gata. Servering av øl og vin vil i hovudsak føregå i lukka selskap. Viss nokon har lyst på eit glas rødvin til biffen, eller eit glas kald kvitvin til fiskesuppa, ser eg ikkje noko problem med det. Det handlar vel så mykje om å kunne servera heile smaksbilete. Dette blir uansett aldri ein festplass, det er berre å sjå på opningstidene. Å driva kafeen er hardt arbeid, difor treng me alle dei ekstra inntektene me kan få. Det er stadig vekk folk som spør om å få eit glas vin til maten. Det ville vore kjekt å kunne tilby dei det, fortel Wiborg.

Martin Flesjå er stamgjest på innbyggarkafeen. Heller ikkje han tykkjer det er nødvendig med sal av alkohol.

- Det er akkurat som eg ikkje tykkjer det passar å sitta her og drikka øl medan doktoren min sit på nabobordet og et lunsj. Det vil nok passa betre lenger nede i gata. Men for all del, det er kjekt å sjå at det er utvikling på Finnøy, seier Flesjå.

Veninnene Siren Lende Fjermestad og Anita Landa er ute for å møtast til lunsj.

- Eg var ikkje klar over at kafeen har fått skjenkeløyve før du sa det no. Kva eg tenker om det? Nei, ingenting eigentleg. Eg kan ikkje sei verken for eller i mot. Må i alle fall tenka litt fyrst, smiler Siren Lende Fjermestad.

- Ikkje eg heller, eg er einig med Siren, eg meiner ingenting akkurat no, smiler Anita Landa.

Ein gjeng som arbeider på huset er innom kafeen for å bestilla mat til å ta med opp på kontorene. Heller ikkje dei ønskjer å uttala seg.