Marte Weberg Skipnes, Hanne Qvindesland og Live Lode skal hjelpa unge til å bli endå meir miljøbevisste. Foto: Carina Johansen.

STAVANGER:

Dei unge jentene har allereie jobba med prosjektet i ein måned, og har brukt tida på å klekka ut eit konsept for korleis dei skal jobba for å komma i kontakt med målgruppa.,

Græla grønne greier er eit innovasjonsprosjekt som skal testa ut nye måtar å kommunisere klima- og miljørelaterte greier. Målgruppa for arbeidet er unge vaksne mellom 13 og 25 år, og målet med prosjektet er å inspirera folk til å ta fleire miljøvennlege val.

Sosiale medium

– Me trur det er ekstremt viktig å vera til stades der dei unge er. Difor har me oppretta eigne profilar på TikTok og Instagram som me kjem til å legga ut kvar veke for å visa kor enkelt det kan vera å ta miljøvennlege val, at det ofte er bra for meir enn berre miljøet, samt å trekka fram og hylla dei som allereie gjer bra ting, seier Hanne Qvindesland.

I tillegg til å til å vera til stades på sosiale medium jobbar jentene med å utvikla ein podkast som skal ha premiere i løpet av våren.

– Det er mange på vår alder som høyrer på podkast på til dømes bussen til skulen. Me vil laga ein podkast der episodane ikkje varer meir enn rundt 15 minutt, der me kan gå litt djupare inn i ulike tema og kanskje intervjue interessante personar, fortel Live Lode.

Du kan lesa meir om prosjektet på kommunen sine sider.