Ferjeleiet på Ombo, kor rutene er blitt lagde om.

Eg og familien har hus på Nord-Talje, kor me ofte ferierer. T.o.m. 2020 gjekk det ettermiddagsferje frå Jelsa/Hebnes til Helgøy som passa godt for oss, men det blei slutt.,

Deretter måtte me via Nesvik-Ombo-Eidssund-Helgøy. Der var det kun ein avgang som passa godt, for på dei fleste avgangar blir det mykje venting på Eidssund-kai. Før gjekk ferja frå Nesvik klokka17.40, og var på Skipavik18.00. Då rakk me ferja frå Eidssund klokka18.20., og var på Helgøy ca klokka 19. Det gjekk fint for barn og barnebarn i jobb, skule og barnehage.

Nå må me « plutselig» via Hjelmeland og er på Skipavik klokka 18.15,  og ferja frå Eidssund går klokka 18.15. Neste ferje går via Judaberg slik at det blir « nåtto og gråten» før me er framme.  Retur om søndag er grei, for då går Ryfylkeferja til Hebnes .

Me prøver med hurtigbåten Sand/Jelsa til Helgøy  etter jobb og skule fredag/retur søndag. Men det bli via Judaberg, byte båt, vente og resultatet blir at det blir «nåtto og gråten» det og.

Eg er pensjonist og kan reisa på andre tider og kan tola mykje venting, men eg har ein stor familie som gjerne vil vera mykje i vakre Sjernarøyane, så det er skikkelig leit at det er blitt så komplisert.

Det er berre fortvila at ikkje Jøsenfjordsambandet og Midtsambandet kan samarbeida om rutene. Men eg mistenkjer at dei som skal reisa frå Stavanger-området via Hjelmeland-Nesvik er mange fleire og sterkare og vinn denne «kampen» .

Takk for at du las mitt «sukk»

Med helsing

Marta Hoftun Vik

Suldalsosen