Svein og Sølvi Østhus har lagt ned mange dugnadstimar i kyrkjekjellaren.

FOGN:

Øyposten har tidlegare skrive om kyrkjekjellaren som skal pussas opp

.

No er arbeidet godt i gang, og mange har meldt seg til dugnad.,

Den største jobben er maling. Store veggflater med mørkna panel skal grunnast fyrst, og deretter malast med to strøk lys farge over.

- Det var på tide med eit ansiktsløft. Denne kyrkjekjellaren bli brukt utruleg mykje til mange forskjellige tilstellingar. Mykje meir enn den største optimisten trudde den gong kyrkja blei bygd. Så ein liten oppgradering i looken, er heilt på sin plass no, fortel Svein Østhus som har teke «helgevakta» saman med kona Sølvi.

Sosialt

Det er ein stor jobb ansvarskomiteen i kyrkja har sett i gang.

Rundt 150 kvadratmeter skal malast med til saman tre strøk. Dører, vinduskarmar og lister skal malast i matchande fargar. Etter at malingsarbeidet er ferdig skal det opp nye lampar og bilete på veggene. Dei gamle sittegruppene er utslitne og skal bytast ut. Og heilt til slutt skal grøne planter setta prikken over ien, og gjera romma litt meir heimekoselege.

- Det er kjekt at me kan få vera med å ta dette løftet i kyrkjekjellaren nå. Mange brukar romma her, det er som ei storstova på øya. Å jobba slik som dette er både koseleg og sosialt, me drikk kaffi og drøser, og jobbar godt saman, smiler Sølvi Østhus.

Stavanger kyrkjelege fellesråd har sponsa malinga samt ein ny komfyr. Pengar til resten av arbeidet er samla inn gjennom ulike arrangement i kyrkja.

Held framdrifta seg på same nivå som no er det grunn til å tru at malingsarbeidet er ferdig om eit par veker.