Mannskap frå brannvesenet pakkar saman etter aksjonen.|Bønder på Rennesøy med gjødselvogner stilte villig opp for å hjelpa til.|Kontainer med reine klær og utstyr blei frakta inn.|Bønder på Rennesøy med gjødselvogner stilte villig opp for å hjelpa til.

RENNESØY:

Det var ingen veg utanom, dei seks kyrne som ramla i gjødselkjellaren hos ein bonde på Rennesøy måtte avlivast. Også bønder i området, som var tilkalla med gjødselvogner for å hjelpa til, er i ferd med å avslutta innsatsen.,

Meldinga om hendinga kom frå brannvesenet like før klokka ni, og førte til utrykning frå alle tre nødetatane.

-Var det nokon dramatikk knytta til hendinga?

-Det er snakk om dyr som lir, og difor var me opptatt av å få gjort avlivinga mest mulig kjapt og humant, seier innsatsleiar Andre Jakobsen i Rogaland Brann og Redning til Øyposten.

Bønder på Rennesøy blei mobilisert for å stilla med gjødselvogner og hjelpa til. Det var tre bilar frå brannvesenet på staden, pluss politi og ambulansepersonell. Ambulansefolka er på plass for å bistå dersom noko går galt under redningsaksjonen.

Bønder på Rennesøy med gjødselvogner stilte villig opp for å hjelpa til. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland

Det var veterinær Arne Revheim som hadde den ufysne jobben, med å gå inn i gjødselkjellaren og avliva dyra.

I følge den lettare stressa veterinæren  "symde kyrne i drid" , og begynte å bli trøytte. Dyra såg ikkje ut til å vera skadde, men vurderinga som blei gjort var likevel at dyra måtte avlivast.

-Det er veterinær Arne Revheim som har den ufysne jobben med å gå inn i gjødselkjellaren. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland