Finnøybedrifter blør etter skatteskjerping

Fordelen som Finnøy har hatt for å bli rekna som ein distriktskommune, blei fjerna frå nyttår. Regjeringa har vedteke å auka arbeidsgjevaravgifta frå 10,6 til 14,1 prosent i kommunedelen, noko som svir for næringslivet i øyane.

Publisert: Publisert:
-Det betyr ei ekstra utgift på ein halv million for Grieg, ifølge Erlend Halsne i Grieg-selskapet.|-Lite hyggeleg melding, seier Jan Terje Vignes.|Finnøy og Rennesøy landbrukstenester må ut med ehalvannan million ekstra, opplyser dagleg leiar Arne Madland.|

FINNØY:

-Dette føyer seg bare inn i rekkka av dårlege nyheter for tida, seier ein oppgitt Jan Terje Vignes i Lauvsnes Gartneri til Øyposten.,

Lauvsnes gartneri har 15 millionar kroner i lønsutgifter, og endringa vil bety vel ein halv million kroner i ekstra utgifter for gartneriet. Dette kjem på toppen av ein svært stressa situasjon med rekordhøge gass- og straumprisar.

-Lite hyggeleg melding, seier Jan Terje Vignes.

- Senterpartiet lova at dette ikkje skulle koma, men det skjedde like vel. Det er klart eg er skuffa, men me har ikkje noko anna val enn å leva med det. Sjølv om det er lite i forhold til dei andre utgiftene, er det ikkje ei hyggeleg melding å få akkurat nå, seier Vignes.

Smell for mange

Også andre Finnøy-bedrifter blør som ein følge av vedtaket. Oppdrettselskapet Grieg må ut med ein halv million ekstra i arbeidsgjevaravgift til slakteriet på Helgøy, fôringssentralen på Finnøy og to oppdrrettsanlegg, Ryfylke Livsgnist reknar med 70.000-100.000 i auka utgifter mens Finnøy og Rennesøy landbrukstenester må ut med halvannan million kroner ekstra, som dei må fakturera bøndene. For Finnøy Økonomi utgjer det 300.000 i meirutgifter, mens Øyposten får ei ekstrarekning på kring 50.000 kroner, opplyser dagleg leiar Kristian Spanne.

Finnøy og Rennesøy landbrukstenester må ut med ehalvannan million ekstra, opplyser dagleg leiar Arne Madland.

I tillegg til Finnøy, går også Vindafjord frå redusert til høgaste sone for arbeidsgjevaravgift. Suldal og Hjelmeland er derimot fortsatt i sone 1 a, og har 10,6 prosent i arbeidsgjevaravgift.

I forbindelse med intensjonsavtalen mellom Stavanger, Finnøy og Rennesøy om den nye kommunen, blei Finnøy lova å få halda fram med 10,6 prosent i arbeidsgjevaravgift. Rennesøy har 14,1.

Foreslått av Erna Solberg

Skjerpinga blei foreslått av Solberg-regjeringa, men vedtatt i Stortinget før jul.

Krf-politikar Henrik Halleland er den politikaren som først oppdaga endringa, og som alarmerte Øyposten om saka. I eit spørsmål til ordføraren viser Halleland til at endringa kjem på toppen av auka straumpris og CO2-avgift. Han skriv også at næringslivet aldri blei informert om endringane.

Halleland bed ordføraren svara på om kommunen var kjent med eindringa i forkant av budsjettvedtaket i Stortinget, og om kommunen vil kunna ta initiativ for å endra ordninga igjen, viss det viser seg at dette får store følger.

Endringa gjeld alle bedrifter, også landbruk og gartnerier.

-Ikkje ei politisk sak

Øyposten har vore im kontakt med Senterpartiet på Stortinget om saka. Geir Indrefjord, finanspolitisk rådgjevar i Senterpartiet, meiner at forslaget er det ikkje politisk motivert.

-Ikkje slik eg les det. Det har nok med det å gjera at distriktsindeksen for Finnøy er endra. Det kan skuldast folkevekst eller betring i arbeidsmarknaden, men skal du ha nærare grunngjeving må du kontakta Finansdepartementet, seier Indrefjord.

-Ville det vore mulig å gjort unntak for øyane utanom Finnøy og Talgje?

-Ikkje så vidt eg veit, endringar blir gjort kommunevis, seier Geir Indrefjord.

På spørsmål frå Høyre i Stortinget svarte kommunaminister Bjørn Aril Gram 12. november i fjor at han følte seg «trygg på» at det ville vera mulig å oppretthalda ulike satsar i samanslåtte kommunar

Ein månad etter blei skatten skjerpa for Finnøy og Vindafjord.