Kjenningar av politiet

– To menn i 40-åra har status som sikta. Han eine er sikta for tjuveri av ein båt på Karmøy, og han andre er sikta for tjuveri frå hytta på Fogn. Begge er kjenningar av politiet. Den eine av mennene har status som mistenkt i fleire av sakene. Det er for tidlig å konkludera med noko som helst etter som me er tidleg i etterforskingsfasen, seier jourhavende påtalejurist, Ingvild Anfinsen Sandal til Øyposten.

Politiet opplyserat det er teke beslag i ein båt, og det er funne gjenstandar i båten som politiet mistenker er tjuvgods.

– Me ønskjer å vera restriktive med informasjon om kva som er stole etter som det er tidlig i etterforskingsfasen, og det er fare for bevisforspillelse. Båten vil bli undersøkt for sporsikring, og godset skal samanliknast med gjenstandane som er meldt stolne.

Politiet har i løpet av etterforskninga vore i dialog med fleire av dei fornærma og det vil dei fortsetta med i prosessen framover.