RYFYLKE: For jordbruket i store delar av Ryfylke har Grågåsa vore eit stort problem i mange år. Spesielt har dei store bestandane på Vignes, Sjernarøyane og på Galta i Rennesøy ført til utfordringar for bøndene.

– No har utfordringa blitt endå større fordi bestanden blir stadig større, dei kjem tidlegare og utvidar leveområdet. Det betyr aukande problem med avføring som kjem inn i fôret, dei trør ned graset slik at mindre gras blir hausta, samtidig som dei forsyner seg grådig av avlingane. Det seier naturforvaltar i kommunen Vegard Ankarstrand.

Ei enkelt gås kan eta opp til eitt kilo gras om dagen. Den kan eta så mykje fordi maten går raskt gjennom kroppen.Dermed blir det mykje avføring, skriv forskning.no

I eit forsøk på å forvalta den aukande gåsebestanden, vurderer kommunen ulike tiltak.

– Kva er det fyrst og fremst du ser føre deg?

– Kommunen er i ferd med å starta arbeidet med ein forvaltingsplan der ein må vurdera flere ulike virkemiddel. Jakt er det viktigste virkemiddelet for å halda bestanden stabil. Men me må vurdera kombinasjon av jaging med laser, eggsanking og moglegheit for tidleg-jakt. Når det gjeld eggsanking er det anbefalt å legga igjen 2-3 egg i reiret og ikkje fjerna meir enn det, seier Ankarstrand.

Ressurs

Visste du at grågåsa er ein delikatesse?

Kanskje går det an å snu på problemet å gjera det til ein ressurs?

Høyr kva Jo Jorem Aarset ved NIBIO skriv i ein artikkel.

– «Jeg tror kanskje ikke folk vet hvor godt gåsekjøtt er. Det er ikke uten grunn at grågåsa har blitt karakterisert som «en ku på vinger». Mange tror den er en sjøfugl, matmessig, men den er vegetarianer. Nå er vi i gang med å lage kokebok med gås sammen med NINA. Så forhåpentligvis blir kjøttets fortreffelighet bedre kjent etter hvert.Også grågåsegg er en delikatesse»