Frå fyrstkommande fredag er Finnøy med i billettordninga HjemjobbHjem. Foto: Arkiv.

Her er svara frå Arbeiderpartiet:,

1.Står ditt parti på formuleringene om Øyfast i intensjonsavtalen for Nye Stavanger?

Ja, vi vil følgja opp intensjonsavtalen og arbeida for regional og statleg støtte.

2.Hva legger ditt parti i formuleringen «langsiktig mål» i intensjonsavtalen, ref Øyfast?

Eit langsiktig mål er nettopp langsiktig. Det tar tid å utgreia, planleggja og gjennomføra eit så stort prosjekt, det veit vi som bur på desse øyene av erfaring med både RennFast og FinnFast. Vi vil medverke til at det i løpet av valperioden 2019-2023 blir avklart om Øyfast kan realiserast.

3.Kan Finnøy etter din oppfatning påregne å beholde båttilbudet når Øyfast blir realisert?

Arbeidarpartiet har i programmet vårt at vi vil sikra gode kollektivtilbod både i Finnøy og Rennesøy. Båttilbodet vil nok ikkje kunne behaldast som i dag, men vi vil satsa på å ha ei pendlarrute til Stavanger morgon og ettermiddag.

4.Hva er neste politiske skritt for å få realisert Øyfast?

Grunnundersøkingar er gjennomførte, og det er utarbeidd to rapportar om prosjektet, ein frå IRIS i 2016 og ein frå Norconsult i 2018. Prosjektet må no leggjast fram for lokale, regionale og statlege instansar.

5.Må inntekter fra Finnfast være med i finansieringen av Øyfast?

Må ikkje vera med.  Får ein til finansieringsplan utan er det bra. Om ikkje kan det vurderast.