I to av desse sakene vart det også gjennomført synfaring i forkant av den politiske behandlinga seinare på føremiddagen.,I den mykje omtala delingssaka hjå Hesby Auto, vart det som Øyposten tidlegare har gjort kjent, gitt grønt lys til ei frådeling frå eit samrøystes politisk utval etter forslag frå Ap sin representant Inger Auestad Hamn. Saka vert no oversendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd.,Den same Ap- representanten fekk også solid støtte til frådeling  av eit 3. hus på Gardsnr.64 bnr.13, eigar Konrad Norheim i Sjernarøy. I denne saka hadde administrasjonen innstilt på å avslå søknaden. Grunngjevinga her er:,

-Tilkomstveg skal berre nyttast til fråskilt hus når ny veg er ferdigstilt

-Busettingsomsyn på dei ikkje- landfaste øyane skal vektleggjast sterkt i samband med med kommuneplanen.

-Eigedomen krev store investeringar i nær framtid for å tilfredsstille nye krav i landbruket

-Det er ikkje behov for tre hus på eigedomen

Også eigar av gnr. 18 bnr 1 på Øvre Landa, Erling Landa, fekkdispoensasjon frå kommuneplan og såleis  grønt lys frå politikarane i Forvaltningsstyret til frådeling av ein tredje bustad og garasje. Det omsøkte arealet er på om lag to dekar, ligg i LNF-kjerneområde for landbruk og har eigen tilkomstveg frå kommunal veg.,I denne saka hadde administrasjonen innstilt på å imøtekome søknaden frå Landa. Fylkesmannen, derimot, ville ikkje tilrå søknaden.,