Kommunen sa ja. Fylkesmannen seier nei.
Nok ein klage frå fylkesmannen i dispensasjonssaker.
- Edd Meby
Denne gong gjeld det frådeling av bustad Øvre Landa 3, som kommunen har gitt grønt lys til.,
Saka var oppe i forvaltningsstyret i august der det blei gjort dispensasjon frå arealføremålet til frådeling av bustad og garasje, frå landbrukseigedommen gnr 18, bnr 1.
Fylkeskommunen har klaga på vedtaket og grunngjev klagen slik:
,«
Bustadhuset vil etter frådeling bli eit fritt omsetteleg bustadhus, og på sikt kan det føra til konfliktar mellom landbruks- og bustadinteresser. Den omsøkte bustadparsellen er omkrinsa på fleire sider av fulldyrka mark i eit attraktivt jordbruksområde. Slike konfliktar kan vera knytt til støy, lukt støy med meir. Omsynet bak arealformålet LNFR må vega tyngre enn bustadinteressene i eit område som er sett av LNFR i kommuneplanen. Talet på bustader på eit gardsbruk er eit moment med mindre vekt i ei sak der delinga vil kunne gi negative onsekvensar for landbruket».
Konklusjonen frå fylkesmannen er at LNF-føremålet blir vesentleg tilsidesett ved å oppføra ein sjølvstendig bustadeigedom på den aktuelle staden. Nødvendige vilkår for å gi dispensasjon er ikkje innfridd.
Fylkeskommunen ber om at kommunen omgjer vedtaket.