Frå overproduksjon til underskot på grisekjøt

Dei siste prognosane for kjøtproduksjonen her i landet, viser at det vil bli mangel både på storfekjøt og grisekjøt i tida framover. Etter det Øyposten får opplyst blir no bønder også  oppfordra til igjen å starta opp med slaktegrisproduksjon.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Dette kjem fram i dei siste prognosane frå Nortura Totalmarknad. Det er slakterisamvirket Nortura som har hovudansvaret for marknadsreguleringa innan kjøt- og eggsektoren her i landet. I følge desse prognosane vil det bli ei underdekning på om lag 1000 tonn svinekjøt og 4500 tonn storfekjøt i år. Som Øyposten tidlegare også har omtala ved ulike anledningar, så har det i lengre tid vore eit betydeleg overskot av svinekjøt,og det har det siste året også vore gjennomført ei premiert utkjøpsordning for å få  smågrisprodusentane til å avvikla produksjonen. Dette  for å koma i marknadsbalanse. Det har resultert i ein markant nedgang i produksjonen, men utfordringa har no blitt at det er for få slaktegrisprodusentar til å fôre grisen fram til slakt.,

Dåleg lønsemd og dyrevernutfordringar har redusert produksjonen

Ingvild Jørgensen er organisasjonsleiar i Nortura. Ho bekreftar at marknadssituasjonen har endra seg betydeleg den siste tida, og at det er eit paradoks at det i den norske marknaden er eit betydeleg underskot av både storfe- og svinekjøt. Særleg  i ei tid der både organisasjonen "Eat" og talsmenn for ulike miljøorganisasjonar og ulike klima- og miljørapportar, oppmodar  folk i Norge til å redusera kjøtforbruket.

-I tillegg så aukar også importen av kjøt, då særleg storfekjøt, på grunn av ulike kvoteavtalar som Norge har forplikta seg til mellom anna gjennom WTO. For storfekjøt utgjer den i dag om lag 9000 tonn, opplyser Jørgensen.,-Men når det gjeld situasjonen i svinenæringa, og underdekninga av grisekjøt, så skuldast dette i all hovudsak to forhold. Fleire produsentar har slutta av på grunn av overproduksjon og dårleg lønsemd over tid, medan andre også har slutta av på grunn av dei mange negative medieoppslaga i forhold til dyrevelverd i næringa som det har vore fokus på dei siste åra. Dette til saman, har då ført til at me er i ein situasjon der det faktisk no er underskot på grisekjøt. Og som marknadsregulator har difor Nortura eit ansvar for å løyas dette til ei kvar tid.

-Kva gjer Nortura då konkret, slik situasjonen er i dag?

-Me oppfordrar dei som har moglegheit til det til å driva med kombiproduksjon. Det vil seie å fôre opp smågrisen sin sjølv. I tillegg ber me dei som har ønskje om det, og som kan leggja om produksjonen sin, om å ta kontakt med våre fagfolk for å inngå produksjonsavtalar slaktegris.

Så-ja, me treng faktisk nokre nye produsentar slik at me klarer å dekkja den etterspørselen som no ser ut til bli i marknaden.

Frå lokale produsentar får Øyposten  opplyst, at etterspurnaden i marknaden til tider har vore så stor at produsentar også får ekstra betalt for å slakta grisen før dei eigentleg hadde tenkt.

Publisert: