Rundt 3500 fekk oppleva julestemning på julemarkanade på Klostergarden i helga. Foto: Klostergarden|Mykje godt å sjå og smaka på under julemarknaden.||

RENNESØY:

Det er Inger Lise Rettedal som er primus motor for arrangementet,  saman med bondesonen og mannen Anders..,

Det er lite som skaper meir julestemning enn ein skikkeleg julemarknad. Og det fekk dei mange besøkande oppleva i stort monn på Klostergarden i helga.

- Det var magisk, alt saman. Ein halv time før dørene opna laurdag, dala snøen ned, og heile sundagen var det sol frå skyfri himmel og vindstille. Eg må innrømma at eg grein ein skvett då snøen kom, det blei så fint. Me kunne faktisk ikkje vore meir heldige, seier Inger Lise Rettedal til Øyposten.

Ho trur det fine vintervêret medverka til suksessen.

Full marknadsplass og full parkeringsplass

Før dørene opna laurdag føremiddag hadde snautt 5000 meldt si interesse på Klostergarden si facebook-side. Allereie ein time før opning var dei fyrste på plass, og berre kort tid etter var parkeringsplassen full og bilane blei dirigert av Mastra Idrettslag.

Snøfnugg i lufta laga ekte julestemning på marknaden. Foto: FOTO: Inger Lise Rettedal

- VisitUtstein hadde ordna flinke folk frå idrettslaget som handterte trafikken og sørga for at trafikken til og frå dei ulike arrangementa gjekk så godt som smertefritt begge dagane.

Klostergarden hadde invitert fleire av produsentane, leverandørarane og samarbeidspartnarane sine  som baud på lokal mat og drikke, samt unike lokalproduserte produkt. Og dei fekk meir enn nok å gjera.

- Tilbakemeldingane frå utstillarane er utelukkande positive og dei melder om kjempegodt sal, og ønskjer å komma igjen neste år.

Det er andre gongen Klostergarden arrangerer slik julemarknad. Fyrste gong var i 2019 som også blei ein suksess med rundt 2500 besøkande men då berre på éin dag.

Gratiskonsertar

- Me vart spesielt imponert over Mastra sjøspeidarar som bygde ein stor, flott karusell på staden som blei gjenstand for mykje merksemd. Dei hadde også leirbål og telt i tillegg til den flotte trekarusellen. Vår eigen Ivar Hodnefjell, eller kystbonden som han likar å kalla seg, hadde fortellarstund for borna, det sette me stor pris på. Me er nøgd med å bringa fram den gode førjulsstemninga og sjå så mange glade. Etter året me har hatt med korona, kjennes det ekstra godt, når det det skjer noko positivt, fortel Inger Lise Rettedal.

Laurdag var det gratis omvising og konsertar i Utstein Kloster, og på sundag hadde Utstein Pilegrimsgard konsertar i samband med julemarknaden, medan hotellet på Mosterøy hadde forskjellige stands og julemiddag.