Søte freistingar på judabergkaien

Kvar helg framover blir Michelle å finna utanfor Kaihuset med sine kakefavorittar ifrå heile verda.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: 

Det var koroanen som tok Michelle og familien hennar til Finnøy. Med mannen på Jersey og ho sjølv og borna i Frankrike, blei det vanskeleg å reisa i mellom då grensene stengde i fjor.,

- Me måtte tenka nytt. Men kor skulle me flytta, og kva skulle me gjera? Tilfeldig kom eg kom over eit «cute farmhouse på Finnoy» og blei forelska med ein gong. For å gjera ein lang historie kort så enda me opp på Vestbø, og er kjempeglad for det. Me har funne plassen og her vil me fortsetta å bu, smiler Michelle Nyre Apps ifrå USA på sjarmerande gebrokkent. Anene hennar kjem ifrå Voss, derav namnet Nyre.

Lærer norsk

Michelle og ektemannen som er ifrå England har to døtre. Mannen jobbar i gartneriet på Mjølsnes og ho sjølv får dagane til å gå med å baka kaker, i tillegg til ein liten annan jobb.

- Mannen min er utdanna sjukepleiar, men han kan for lite norsk til å jobba på sjukehus eller på sjukeheimen. Kanskje om eit par er han flink nok? Me jobbar med saka, men han stortrivs der han er, så det er bra.

Ho sjølv er utdanna lærar men kan ikkje undervisa i skulen av same grunn som mannen.

- På sikt skal eg bli lærar igjen, men akkurat no går dagane for det meste med til baking, jentene og hus og heim.

Lite, men godt

Michelle har fått seg ein liten salplass utanfor Kaihuset. Så sant vêret tillet er ho plass med kakene sine kvar fredag og laurdag. Her byr ho på mange lands spesialitetar og varierer utvalet frå gong til gong.

- Eg vil ikkje ha mange forskjellige sortar, men færre og veldig gode. Kakene må vera så gode at folk kjem igjen og igjen. Eg pleier å ha rundt 10 forskjellige sortar, det kjem litt an på kva eg har heime og kva eg får tak i. Fleire av kakene kan etast av allergikarar og folk med intoleransar.

- Kva er dei mest populære sortane?

- Det er så rart, for det klarer eg ikkje finna heilt ut av. Ein gong går alle makronane unna i rekordfart, så eg lagar fleire til neste veke, men neste veke kan det godt henda at det ikkje går makronar i det heile tatt. Etter kvart må det vel visa seg eit mønster, men det er ikkje tydeleg no. Uansett, eg lagar berre kaker eg tykkjer er gode, og verd å betala for. Familie og vener er prøvekaninar og dei gjer tydeleg tilbakemeldingar, anten det så eller så.

Amalie Nesvik er ni år og på veg til hytta. Ho kjem forsiktig bort til Michelle og legg pengane på bordet.

- Vil du chocolate chip cookie? Ho er så søt, ho har vore her fleire gonger og vil alltid ha den same  cookien.

Vil ha innspel

Magnar Gjerde er også fast kunde. Han har funne sinn favoritt, ein stor og saftig peanøtt/mais kjeks.

- Denne e snadder, seier Gjerde og tek ein stor bit.

- Det er kjekt når det skjer positive i sentrum difor prøver eg å støtta Michelle. Det er mykje godt her som du ikkje får i butikken, og spesielt bra tykkjer eg det er at ho lagar ein del glutenfrie kaker.

-Eg prøver å ha eit godt alternativ til dei som ikkje toler vanleg kveitemjøl. Dei som er interesserte kan gå inn på goodieboxbakeri.wordpress.com og sjekka utvalet mitt. Viss nokon har spesielle ønskjer er det berre å ta kontakt, eg vil gjerne høyra kva folk vil ha, for denne vesle butikken her har eg lyst å fortsetta med, smiler Michelle.