Her i Skyljarvik på Kyrkjøy har Finnøy fått sin benk plassert. (Foto: Birger W. Hetland).|Torleif Hetland prøvesit benken som Stavanger har plassert i Finnøy kommunedel, på Kyrkjøy i Sjernarøyane. (Foto: Birger W. Hetland)

Stavanger kommune har ikkje funne nokon av forslaga frå Rennesøy gode nok til at kommunedelen kan få ein av dei tre fjonge kvilebenkene som skal utplasserast. Det er merkeleg, for i Rennesøy er det masse flotte plasser kor ein slik benk vil passa godt.,

Dette er ikkje noko stor sak, men likevel. Finnøy får sin benk på Kyrkjøy i Sjernarøyane, i skarp konkurranse med mange andre forslag. Så mange gode forslag skal det ha kome inn, at det er aktuelt å plasssera ut fleire benker.

Men i Rennesøy kom det altså ikkje inn nokon forslag som er gode nok. Dei fleste handla om kaien i Vikevåg, og der skal det vera benker nok frå før. Benkesaka etterlet ein viss bismak om at Rennesøy i det siste er blitt litt stemoderleg behandla i den nye kommunen. Dei fekk eigedomsskatt, som dei blei lova at ikkje skulle koma, og nå vil kommunen tukla med kulturhuset og biblioteket.

Nei, Stavanger, her må det meir "fingerspitzgefühl" til. Judaberg har både fått nytt flott innbyggartorg, som til og med Stavanger ikkje har maken til. Havbruks- og landbrukskontoret havna også på Judaberg, og kvilebenken er på plass.

Litt symbolpolitikk for å blidgjera rennesøybuen vil difor ikkje skada, benken må på plass. Turmål er det flust av, fleire enn i Finnøy.  Reianes, Sel, Fjøløy, Hodne. Det kan umulig vera eit problem å finna ein god plass. Me tek det for gitt at denne saka får ei lukkeleg løysing og at også rennesøybuen kan få slå seg ned og kvila på ein benk til 12.000 kroner etter ein fin tur i det makalause øylandskapet deira.