Ekteparet Petter Skartveit og Margaret Snipsøyr med blomar og sølvtina i midten, tv. Njål Meling i Tine Produsentlag og styremdlem Askild Eggebø i Tine Norge. Foto Jon Asgaut Flesjå

FINNØY: Det var det lokale styremedlemet i Tine Norge, finnøybuen Askild Eggebø og leiar i det lokale produsentlaget Njål Meling, som dag banka på døra hjå mjølkebøndene heime på vestsida av Finnøy, og overrekte sølvtina og vakre blomar.,

Heng høgt

-Ei slik utmerking heng sjølvsagt høgt og er noko som dei fleste mjølkeprodusentar ønskjer å oppnå, seier Meling. Han legg til at det blir stilt strenge krav til faktorar som både lågt celletal, lågt bakterietal, frie fettsyrer og frysepunktet på mjølka for å oppnå dette.

-Og når gjennomsnittet av alle dei omlag 1800 mjølkeleveransane til Petter og Margaret har tilfredsstilt desse krava, seier det det meste om at det er levert mjølk av topp kvalitet i alle desse åra, skryt Eggebø i Tine Norge.,-På grunn av koronasituasjonen og alle smitteverntiltaka blei det ikkje noko julebord og fest i produsentlaget dette året, slik me til vanleg pleier å ha, så då får me gjera det på denne måten. Men eg "vippsar" deg nokre kroner frå produsentlaget her i Finnøy, så du og Margrete kan ta dykk ein betre middag, smiler Njål, i det det plingar i mobilen i bukselomma hjå han Petter.,-Eg ser det kan bli ein skikkeleg middag av dette, repliserer Petter og held fram.,-Men eg trur ikkje eg og Margrete skal ta all æra av dette. For her skal ikkje minst avløyasren vår,polske Jan Klimek ha mykje av æra. Det same skal både far og mor (Odd og Anne Marie Skartveit) ha, legg Petter til. -Utan dei hadde me aldri oppnådd dette.,Men så er eg gjerne god til å fylgja opp og analysera prøveresultata som kjem på SMS frå meieriet,og treffa tiltak med bakgrunn i det. Også det er ein viktig del av det heile, i tillegg til å ha gode rutinar på stell og ikkje minst i agronomien for mellom å sikra god kvalitet på grovfòret, legg Petter til.,Også ei reise til Oslo i samband med årsmøte i Tine, høyrer med til ei slik utmerking for ekteparet.Heller ikkje det vert det noko av på grunn av koronapandemien som herjar.-Akkurat det er det minste saknet i desse tider, der folk både står utan jobb eller blir permittert, seier Petter og Margrete nermast i kor.

Askild Eggebø nyttar også høve til å skryta over produsentmiljøet her på øyane i Ryfylke, sjølv om tal mjølkeprodusentar har gått kraftig ned. -Det positive er at mjølkevolumet er på tilnerma same nivå som for 10 år sidan, og at det er fleire unge som nå tek over og satsar, særleg her på Finnøy og Talgje. -Men også i det lokale bondelaget for Finnøy,Talgje og Halsnøy er det nå unge krefter som tek over. Det lovar godt for framtida, avsluttar nyleg avgått og sjølv mangårig styremedlem og kasserar i det lokale bondelaget, Petter Skartveit.