Naustet på Sør-Bokn.

Stavanger-politikarane har talt, eit samrøystes utval for By- og samfunnsutvikling meiner naustet til Jan Bokn bør få stå. Argumentasjonen er at naustet er viktig for at Bokn skal kunna driva med sauehald på øyar og holmar.,

Det er eit fornuftig standpunkt, som me bare kan håpa også fylkesmannen i Rogaland vil ta til følgje. Det vil i alle fall strida kraftig mot folks rettferdighetskjensle viss 81-åringen skal få dagmulkt og må riva naustet.

Dette er difor ei svært uheldig sak for statsmakta, dvs fylkesmannen. Fylkesmannen har ei for viktig oppgåve lokalt til at ho skal bli underminert av tåpelege vedtak. Problemet er bare at denne saka er blitt vikla inn i juss, og dermed har blitt ei floke som ikkje er så lett å koma ut av. Men det har fylkesmannen bare seg sjølv å takka for.

I denne avisa har me også omtalt vurderinga av støtta som er gitt til naustet på Sokn. Som me før har vore inne på, har dei to sakene ikkje noko med kvarandre å gjera. Men det er nok likevel eit faktum at Sokn-saka har vore til fordel for Bokn-naustet, mens det motsette har vore tilfelle for naustet på Sokn. Men så urettferdig er nå ein gong verda.

Det vil likevel vera synd om det nå skulle bli vanskelegare å byggja bygg av typen Sokn-naustet med offentleg støtte. SMIL-midlar blir brukt til mykje rart, alt frå blomsterenger til oppsamling av drivhusvatn. Eit stilig bygg som dette bør fint kunna falla inn under prosjekt som  det offentlege kan støtta.

Når det gjeld naustet på Sør-Bokn er ei av dei klarast følgene at det har sett byfolk i vanry. Det er naturleg at feriefolk og fastbuande ikkje alltid har samanfallande interesser, og det finst mange eksempel på konfliktsaker kor ikkje dei fastbuande alltid har rett.  Denne saka har likevel element ved seg som til fulle viser at feriefolk kan vera ein utru alliert for fastbuande.