Tannlegeassistent Hege Skogland (t.v.) og tannlege Ivana Bera-Petrovic får halda fram i Vikevåg. (Foto: Rune Nedrebø)||

STAVANGER:

Det var Bjørn Over Hersdal (Rødt) som såg sentraliseringsspøkelset i planen.,

-Eg går til tannlege i byen, og han er åleine på kontoret. Denne planen luktar det sentralisering av, lang veg, sa Hersdal i sitt innlegg.

Klinikkplanen, som mellom anna foreslår å leggja ned tannklinikken i Vikevåg skal nå ut på høyring. Også tannklinikken i Skjold er foreslått nedlagt, mens framtida for tannklinikken i Hjelmeland skal vurderast. Ifølge planen er tannklinikken i Vikevåg for liten både i forhold til fagmiljø og til å ta unna feriar eller sjukdom. Forslaget går difor ut på å slå han saman med tannklinikken i Randaberg.

-Eg er spent på resultatet av høyringa. Men me veit svaret på førehand, eg kan ikkje tenkja meg at ein einaste kommune går inn for å leggja ned tannklinikk hos seg sjølv, sa Hersdal.

Heller ikkje Dagny Sunnanå Hausken frå Senterpartiet var glad for forslaga i planen.

-Senterpartiet meiner det er viktig å ta vare på små enheter, enten gjeld skular, lensmannskontor eller tannklinikkar. Brei erfaring og kjennskap til kundane blir framheva som positive sider ved små tannklinikkar, men likevel er svaret i planen sentralisering og større enheter. For Rennesøy er det viktig at tannklinikken i Vikevåg ligg nær barne- og ungdomsskulen og nær sjukeheimen. Kor er logikken i å måtta kjøra gjennom to tunnelar for å kom til tannlegen, sa Sunnanå Hausken mellom anna.