Tekst og foto: Jon Asgaut Flesjå

Etter at kommunen kjøpte det omlag 25 dekar store næringsarealet på Ladsteinplata i september 2011, har han sett si lit til at det ville vera ein mogelegheit for å etableras seg her. I november i fjor fekk så dagleg leiar i Reilstad Landbruk, Svend Reilstad, melding om at bedrifta som til saman tel 6,25 årsverk ikkje lenger får  halda til i industriahellen på den tidlegare MRE-kaien ved innløpet til båthamna ved Faaholmen på Judaberg . Den 30 .september må dei ut av dørene med alle maskinane og utstyret sitt, og berre fire månader fram til det skjer veit dei enno ikkje i dag kvar dei skal halda til.

-I februar månad sendte eg eit brev til den  politiske  og administrative leiinga i kommunen for å be om ei avklaring på om det ville vera mogeleg å etablera seg på Ladstein innan relativt kort tid. I eit møte med forhandlingsutvalet kom det klart fram at dette  ikkje ville vera mogeleg, og at når ein eventuelt ville vera klar til å leggja arealet ut for sal ,så ville ein gjera dette samla der ein også ville sjå heile arealet og bruken av det under eitt, seier Reilstad.

Då konkluderte eg relativt raskt med at ein slik prosedyre og framdriftsplan ikkje ville dekkja mitt presserande behov for eit næringsareal på vel tre dekar.

Den unge grundaren som i 2004 etablerte sin eige ambulerande landbruksverkstad har vakse seg stor og har i dag  med seg to unge lokale lærlingar som er under utdanning, i tillegg til to andre lokale mekanikarar.

Reilstad vil gjerne presisere at den endelege kvadratmeterprisen på Ladsteinplata også ville vera avgjerande for ei eventuell etablering, men det verste er den uvissa som no herskar der det ikkje føreligg noko løfter om når eit næringsareal kan vera klar til å takast i bruk.

- Difor har eg ein plan B som eg også lyt arbeida aktivt med for å prøva ut. Den går i hovudsak ut på at eg ynskjer å etablera meg på mitt eige gardsbruk som eg no har teke over på Reilstad. Dette området er rett nok førebels bandlagt i påvente av ny kommuneplan og ei samla regulering for  storparten av Reilstad sentrum. Eg har difor vore i dialog med kommunen og føreteke ei såkalla førehandskonferanse kring dette temaet, men også det kan visa seg å vera ein lang og vanskeleg veg å gå som i beste fall vil dra ut i tid. Då er spørsmålet om eg kan få definert ei slik mekanisk verksemd under omgrepet Landbruk Pluss som ei tilleggsnæring på bruket, for på den måten å få aksept hjå Fylkesmannen for ei slik etablering. Så her er utfordringane mange og utfallet svært usikkert, og det heile vil nok også dra ut i lang tid, sukkar Svend , som gjerne kunne gå på ei mellombels ordning i ein overgangsperiode på fire-fem månader om han fekk lovnader om eit gitt tidspunkt der eit næringsareal kunne stå klart.

Reilstad skulle gjerne ynskje, slik situasjonen no er blitt, at han kunne få etablera verksemda si på eigen gard slik det har vore praksis for at andre bønder  som har starta liknande verksemder har hatt mogelegheit til både på Finnøy, og på enkelte andre gardsbruk rundt omkring i kommunen elles. No fryktar Reilstad at usikkerheita blir  så stor at han er redd heile grunnlaget for bedrifta skal smuldre bort ved at dyktige medarbeidarar og høg kompetanse i bedrifta skal forsvinne.

- Kvifor er det så viktig for kommunen og det offentlege å ause ut med hundretusenvis av kroner til alternative næringar når dei ikkje maktar å sikra ramevilkåra og leggja til rette for dei som allereie er vel etablerte innanfor kommunegrensene, spør han retorisk.

- Kva synest du om det arbeidet kommunen har gjort for å få å plass eit næringsareal her på Finnøy?

- Eg likar ikkje å seie det, men når eg veit at det har vore snakk om dette i over 20 år og at ein enno ikkje har fått det på plass, så synest eg faktisk at dette er ei skam for Finnøy kommune.

- Me burde ikkje ha kome i denne situasjonen, og eg kjenner på ein vond klump i magen som berre veks seg større etter kvart som dagane går og forholda rund dette enno ikkje er avklart.  Det er det verste med heile denne situasjonen, sukkar den til vanleg så blide, smilande og alltid så imøtekomande unge innovatøren frå Reilstadbygda.