FINNØY

: Det var ein prefekt dag til å fiska makrell, og Øyposten fekk lov å vera med.,

Finnøybuen Ivar Stang kastar loss på flo sjø, og får morgonsola i ryggen då han og sonen Kristian styrer båten ut frå Steinnesvåg. Det er omtrent blankt hav og ein anelse av kvass haustluft.

Det er spenning i blikket, for nå vil det visa seg kva natta og morgonen har gitt. Setjenota er forankra i Oddnavika på Vignesneset. Fangst med setjenot er ein gammal metode, men det nye nå er at metoden er utvikla og forbetra.

Ivar og Kristian Stang frå Finnøy er mellom dei som har satsa på metoden. Markrellfisket så langt har vore middels, men håpet om ein god fangst er alltid der. Kvar morgon og kvar kveld blir nota trekt.

Å fiska makrell med not er ikkje for amatørar, du må lura han. Makrellen søm i stim, eller ferd, langs land innanfrå Steinsvåg og ut langs Vignesneset. I Oddnavika havnar han i nota, som er stor nok til at han blir verande der på si evige, kvilelause vandring.

-Makrellen er aldri i ro, han må symja for å leva. Og det blir sagt at ein makrell i løpet av livet symjer ein avstand tilsvarande to ganger rundt jorda, seier Ivar Stang.

Sjølv om morgonen er solblank og havet stille, og hav og øyar og finnøylandet viser frå si mest fortryllande side,  så overgår likevel spenninga med å vera fiskar alt dette.

-Men kvifor reisa til Syden nå du kan oppleva slike stunder heime, undrar Ivar Stang.

Framme med nota begynner arbeidet. Kristian har gått i lettbåten, ein 15 fots plastbåt med robåt  ein 20 hestars Yamaha. Enden på nota blir halt opp og lagt over ein lang, glatt plastslange. Den eine enden av slangen er festa i ei blåse, den andre manøvrerer Kristian Stang under nota med lettbåten. På den måten blir makrellen pressa mot samlenota innerste.

I kavet nede i nota er sjøen bågrøn av makrell i vilt jag etter ein åpning ut til friheten og det store havet, men her er han fanga.

Fangstane denne hausten har vore tolleg bra, seier Kristian og Ivar Stang, men det er mykje småmakrell. Dei større let venta på seg, men han skal vera på veg, meiner dei, for det er meldt om fangst av større makrell utfor Karmøy.

Den største fangsten dei har fått var for nokre år sidan. Då fekk dei 10 tonn, 10.000 kilo, i ein fangst.

-Då sa me ikkje eit ord til kvarandre, så ivrige var me då, seier Ivar Stang.

Heile operasjonen me å trekkja nota og gjera henne klar igjen tek halvannan time. Så kan dei setja kursen inn mot Steinnesvåg igjen, og venta til kvelds og til flomålet er på topp igjen.

For det er då makrellen vandrar, og då er Kristian og Ivar Stang der, klar til å fanga han.