-Lågare skatt i Finnøy i år, auke i Rennesøy

Eiendomsskatten i Finnøy blir sett ned til Stavanger-nivå i år, mens han i Rennesøy blir auka til dette nivået.

Jon Ola Syrstad er leiar av skatteutvalet i Stavanger, og varslar lågare eigedomsskatt i Finnøy, men skatt for første gong i Rennesøy. (Foto:Rune Nedrebø)
  • Gudmund Rørheim
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Av: Rune Nedrebø,

STAVANGER:

Det opplyser Jon Ola Syrstad, leiaren i kommunen sitt skatteutval, eller «den sakkyndige nemnda for eindomsskatt, til Øyposten.,Nemnda skal sy saman eiendomsskatten i dei tre tidlegare kommunane Stavanger, Rennesøy og Finnøy, og er tverrpolitisk samansett. Nemnda er oppnemnd av kommunestyret for fire år.,Både i fjor og i år pågår takseringa av alle eiendommane i den nye kommunen for fullt. Det er litt av ein joibb, ifølge Syrstad, for det dreiar seg om ikkje mindre enn mellom 50.000-60.000 eigedommar.,

Lågare skatt

-Me nærmar oss nå slutten når det gjeld boligeiendommar og hytter, og har så vidt kome i gong med næringseigedommar. Eg håpar dette arbeidet kan bli ferdig nå i vår, seier Syrstad til Øyposten.,-Blir det redusert eigedomsskatt i Finnøy kommunedel i år?,-Det er det kommunestyret som bestemmer promillen på eigedomsskatten, men det er vedtatt at eigedomsskatten skal på Stavanger-nivå i både Finnøy og Rennesøy dette året, stadfestar han.,Det betyr redusert eigedomsskatt for Finnøy og meir skatt å betala for folk i Rennesøy. For medan Rennesøy ikkje har hatt eigedomsskatt før, har Finnøy hatt 5 promille skatt på boligeigedommar. Stavanger har hatt tre promille og 400.000 kroner i botnfrådrag, og det er dette som nå skal gjelda.

Høgare hyttetakst

,Mykje av arbeidet for nemnda går nå på å inndela den nye kommunen i ulike soner for skattetakst.,-Det blir eit grovmaska nett, kor me truleg ikkje kjem til å skilja mellom til dømes Judaberg og Mjølsnes, eller Finnøy og Halsnøy. Men innanfor sonene kjem me til å operera med ulike faktorar som i det vesentlege skal byggja på storleiken på bustaden og omsetningsverdien i området. Det gjer at ein boligeigedom på Jørstadvåg vil få to-tre gonger lågare skattetakst enn ein boligeigedom i Jåttåvågen, til dømes, seier Syrstad.,Han legg til at hytteeigedommar vil bli likt skattlagde med boligar, men at verdien kjem til å bli sett høgare.,-Verdien av ein hytteeigedom i Sjernarøyane til dømes, kan vera mykje høgare enn ein bustadeigedom. Difor kjem me i hovedtrekk til å setja taksten høgare for å få ei rettferdig skattlegging, seier Jon Ola Syrstad.

Publisert: