Flytting av biblioteket engasjerer folk i Rennesøy

Innbyggarane vil ha eit levande sentrum.

Bergit Torsen er ikkje glad for forslaget frå Sølvberget om å flytta biblioteket og frivilligsentralen.||||||||
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Sølvberget KF har i eit styrevedtak gått inn for å flytta biblioteket frå Kulturhuset Meieriet i Vikevåg til det gamle kommunehuset. Tanken er samlokalisering av bibliotek, innbyggjartorg og frivilligsentral. Saka har skapt debatt, mest fordi eit slikt vedtak vil føra til forvitring av Vikevåg sentrum. Det er innsparingstiltak som ligg til grunn for forslaget.,

Me har snakka med folk på gata i Vikevåg, kva dei meiner om saka, og stilt fylgjande spørsmål:

- Kva tykkjer du om å flytta biblioteket og frivilligsentralen til det gamle kommunehuset?

- Kvifor?

Randi Hanasand

- Eg brukar biblioteket i ein del i jobbsamanheng, men for meg personleg betyr det ikkje så mykje. Eg tykkjer det er trist for miljøet i sentrum sin del. Me må ikkje ta vekk ting som er med på å gjera sentrum levande.

Aslaug Nedrebø

- Nei, det tykkjer eg ingenting om. Eg ser ingen fordeler med å flytta sentrum, tvert i mot. No er nok ikkje blant dei som brukar biblioteket aller mest, men me jo ha liv i sentrum. At kommunen skal spara pengar, ja, det er så, men alt kan ikkje målast i kroner og øre.

Arthur Haugvaldstad

- Det betyr ingenting for meg, eg brukar verken biblioteket eller frivilligsentralen. Så lenge eg køyrer bil betyr det ingenting anten biblioteket ligg her eller der. Forresten er tannlegen i kommunehuset, så det passar eigentleg bra.

Magne Helland

- Dumt, dett er dumt. Me treng samlingsplassar i sentrum, så kommunen burde heller tilført aktivitet, i staden for å ta vekk ifrå det som allereie er eit dødt sentrum. Biblioteket og frivilligsentralen er viktige samlingspunkt i sentrum, som ikkje vil bli det sama viss desse to viktige institusjonane forsvinn.

Bergit Torsen

,- Det tykkjer eg er frykteleg dumt. Biblioteket og friviligsentralen høyrer til sentrum, det er avleides å gå opp til kommunehuset. Det blir ikkje de same som før. Det kan godt vera eg ikkje kjem til å bruka biblioteket meir. Eg var imot kommunesamanslåinga frå fyrste dag, og dette forslaget er eit

Velkommen til Stavanger.

Oddvar Nordbø

,- Eg trudde det gamle kommunehuset skulle rivast? Kva er då vitsen med å flytta biblioteket og frivilligsentralen ifrå sentrum? Det tykte eg høyrdest merkeleg ut

.

Seier ikkje den nye sentrumsplanen noko om det? Desse tinga bør uansett liggja midt i leia, ikkje utanfor.,

Camilla Surnevik Kristiansen

- Kulturtilboda bør samlast i sentrum kor dei er lettast tilgjengeleg. Det blir feil å leggja biblioteket til det gamle kommunehuset. Politikarane bør heller jobba for å få meir aktivitets i sentrum, slik at det kan bli meir attraktivt for folket å bruka.

Oddbjørg Wood

- Nei, eg meiner eigentleg ikkje så mykje som den saka. Eg buke verken biblioteket eller frivilligsentralen, difor har eg heller ikkje engasjert meg.

Publisert: