Hadde hundane kunna sagt si meining om saka, trur me det ville blitt både knurring og bjeffing. For nå må dei fint finna seg i å vera i band, året rundt over alt.,

Det er lett å skjøna bakgrunnen for dette. Lause hundar som spring etter og lemlestar kalvar og sauer er både vondt og sjå på og pinsamt for dyra.

Likevel burde kanskje nokon sett litt på korleis bandtvang blir opplevd gjennom hundeauger. Hundar har godt av å springa fritt, dei er i utgangspunktet ikkje skapte for å vera i band. Du ser det med ein gong hunden blir sleppt laus. Halen til værs, snuten i bakken. Det er tusen ting å lukta på, og ein fryd å boltra seg i. Ein glad hund gir også ein glad hundeeigar, trur me.

Hunden er mennesket sin beste ven, heiter det. Og det ligg uendeleg mykje god folkehelse i å ha hund. Då må eigaren fint følgja med ut i all slags vær, enten det gjeld eit nødvendig ærend eller for å trimma. Dessutan kan det vera godt selskap i ein hund som virkar postivt på den mentale helsa. Katt kan også vera bra, men katten er altfor sjølvstendig av natur til å kunna måla seg med ein kjælen hund.

Det gjenstår å sjå kva fylkesmannen har å seia om den nye hundeforskrifta. Den går lenger enn forslaget frå kommunedirektøren, som prøvde å balansera hensynet til hundehaldet mot landsbruksinteressene. Finnøy prøvde seg med ei liknande forskrift for nokre år sidan, og den blei underkjent av fylkesmannen nettopp fordi ho var  for firkanta.

Då forskrifta blei vedteken før ferien blei det også bestemt at det skal jobbast vidare med å få til eigne områder for hundelufting kor hundane kan springa fritt. Det er bra, men likevel ikkje heilt enkelt. For i såfall bør det vera slike område på alle øyar.  Ingen frå Fogn eller Halsnøy vil til dømes reisa til Finnøy for å la hunden springa fritt.

Under debatten om den nye forskrifta blei det sagt at det var eit sterkt håp at siste ord nå var sagt i denne saka, etter fleire rundar om forskrifta. Det gjenstår å sjå, men det vil ikkje overraska viss ho dukkar opp igjen på sakskartet. For ein hund er ikkje berre ein hund, han er viktigare enn som så.