Jørgen Evjen og sambuar Eileen Rag Norheim har ein mistanke om kven som driv høærverk på garden nattestid.

SJERNARØY: På kort tid har Jørgen Evjen og kona Eileen Rag Norheim opplevd to forhold av hærverk på garden på Eik. Siste gong var natt til tysdg, då gjerningsmannen skar opp fleire sekker med gjødsel som blei øydelagde i regnet.,

- Så lenge ingen har meldt seg, såg me ikkje anna råd enn å politianmelda forholda, seier Evjen.

Etter hærverket i månadasskiftet mai/juni fekk Evjen, etter oppmoding frå politiet, sett opp kamera på området.

- Me har ein viss mistanke om kven det er som luskar rundt på nattestid og utfører ugjerningane. Det er heilt tydeleg ikkje rampestreker gjort av ungdommar, men godt planlagt hærverk utført av folk som har skjennskap til gardsdrift. Men frå no av er det politiet som tek hand om saka, seier Evjen.