Odd Aksland, Kolumbus-sjefen.

-Me har ein svikt i inntektene på 37,5 millionar kroner som ein følge av passasjernedgang. Viss dette ikkje blir kompensert av staten, må me kutta i rutetilbudet, opplyser direktør Odd Aksland i Kolumbus til Øyposten.,

80 prosent av passasjerane har forsvunne, og samla er det snakk om dramatiske 200 millionar kroner i tapte inntekter for det fylkeskommunale ruteselskapet.

Kolumbus har frå før kutta i både båt- og bussruter, seinast før helga då fleire båtruter blei lag under sparekniven. For øyane betydde det at hurtigbåtruta halv elleve frå byen måndag til fredag med retur frå Nesheim 11.35  blei lagt ned.

-Me kan ikkje utelukka at det blir fleire kutt. Men det kjem an på i kva grad staten kompenserer bortfallet av inntekter, og om dei tilsette klarer å halda seg friske. Me har vore heldige hittil og ikkje hatt eit einaste tilfelle av koronasmitte hos mannskap eller bussjåførar, seier Odd Aksland.

Aksland understrekar at Kolumbus vil ha som utgangspunkt at folk må ha eit alternativ viss ruter skal kuttast, sjølv om det kan medføra noko lenger reisetid.

Om og i tilfelle kvar det skal kuttast, vil ikkje bli klart før etter påske.