Streiken blir trappa opp i Finnøy og Rennesøy

Konsekvensane blir merkbare når streiken nå blir trappa opp i begge kommunedelane. På Finnøy sentralskule er 28 lærarar tatt ut i streik og størsteparten av skulen er stengt.

|Sjukepleiarar og lærarar i Unio vil streika så lenge det er nødvendig. Framme f.v: Kirsten Løland Flesjå, Ellen Sofie Østebø og Hilde Kavli. Midste rekke f.v: Bente Nordvik, Solfrid Sevheim Haga, Tone Lise Reilstad, Margunn Tungland Nordbø, Ingeborg Bø Rolfsen og Anne Brit Watson. Bak f.v: Asjen Mensink, Bjørg Vik Nærland, Øyvind Bondevik Haga, Silje Aandstad og Vibeke Meling.  Foto: Oddbjørg Måland.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Margun Tungland Nordbø er plasstillitsvald for lærarane på Sentralskulen. Ho seier at streiken er heilt nødvendig om dei skal klara rekruttera nye lærarar til yrket, samt for å behalda lærarane i jobben sin i framtida. I dag godtek KS at 15 prosent av dei som underviser i grunnskulen  og 20 prosent av dei som underviser i vidaregåande skule, ikkje er lærarutdanna og dermed ikkje har den nødvendige kompetansen som trengs.,

Tenker langsiktig

- Dette er ikkje berre ein streik for oss som er lærarar i skulen, men like mykje for dei som kjem etter oss. Faktisk er det slik at berre rundt 60 prosent av alle nyutdanna lærarar startar i jobben som lærarar etter avslutta utdanning. Den resterande delen får tilbod om betre betalte jobbar på bakgrunn av den gode utdanninga si, og endar såleis utanfor skulen, det er eit tankekors. I løpet av dei siste 10 åra har 30 prosent av lærarstaben slutta i jobben sin, og det går ikkje an viss me vil ha fagleg gode skular med kvalifiserte lærar også i framtida. Løna til lærarane står ikkje i forhold til utdanninga. Ein nyutdanna lærar i dag har fem års universitetsutdanning og ein mastergrad, men det blir ikkje spegla i løna. Slik situasjonen er no ligg me rundt 50 000 kroner under det vi skulle hatt samanlikna med andre kommunalt tilsette si lønnsutvikling i KS. Lønsutviklinga vår etter at KS overtok ansvaret for oss i 2004, ligg no 14,1 prosent under det me skulle hatt.

- Opplever de å få støtte frå folk?

- Ja, så langt har me berre blitt møtt med positivitet. Spesielt har eg lyst å senda «ein blomst» til alle foreldra som stiller støttande opp og heier oss fram, avsluttar Margunn Tungland Nordbø.

I fylgje skulesjefen i kommunen Jørn Pedersen er talet på lærar som blir teke ut i streik ifrå onsdag fylgjande.

Finnøy Sentralskule 28

Fogn oppvekstsenter 4

Ombo oppvekstsenter 3

Sjernarøyane oppvekstsenter 2

Vikevåg skule 23

Rennesøy skule 19

Mosterøy skule 23

Tala er med atterhald om endring. Til saman på alle skulane i Stavanger vil det vera rundt 1500 lærar i streik i frå i dag, onsdag.

Når det gjeld barnehagane i Finnøy er ingen tilsette førebels tatt ut i streik, men det er sendt ut permitteringsvarsel ifrå 15.juni. I Vikevåg er åtte tilsette i barnehagen tatt ut i streik og fire i barnehagen i Østhusvik.

Krevjande situasjon

Når de gjeld helsesektoren så er det tatt ut to tilsette på sjukeheimen, samt to på legekontoret. I dag, onsdag blei det gitt dispensasjon for ein av sjukepleiarane på legekontoret til å gjenoppta arbeidet sitt. I Rennesøy er tre av fire tilsette på legekontoret i streik.

- Alt som ikkje er strengt tatt nødvendig må venta, eller gjerast på sjukehuset. No er det liv og helse som gjeld, seier Elen Sofie Østebø ved legekontoret på Rennesøy.

Neste veke blir det berre ein vikar til stades på legekontoret på Judaberg.

-  Situasjonen er krevjande, for alle involverte partar. På sjukeheimen har me allereie utfordring med å få nok sjukepleiarar, og no får me ein streik på toppen. Det betyr nødvendigvis redusert kompetanse og endringar i tenestilbodet til dei som bur heime fordi me må gjera endringar i den daglege drifta. Viss nok av dei tilsette blir tatt ut i streik vil me måtte operera med helgebemanning i vekene, seier avdelingsleiar for heimesjukepleie og korttidsavdeling, Bente Nordvik.

- Det er alltid synd at det er ein uskuldig tredjepart opp i ein streik, men no er det ingen andre utvegar om me skal klara rekruttera nye sjukepleiarar, og behalda dei me har. Diverre er det slik at svært mange sjukepleiarar vel å jobba i privat sektor eller på sjukehus, heller enn i kommunale sektor. Me må gjera yrket vårt attraktivt slik at ungdom vel å utdanna seg til sjukepleiaryrket. Me treng fagfolk for å bygga velferdssamfunnet og sikra samfunnsnyttig kompetanse, seier plasstillitsvald ved sjukeheimen, Ingeborg Bø Rolfsen.

Publisert: