Dåverande samferdselsminister, Magnhild Meltveit Kleppa kuttar bandet, og erklærer Finnfast for åpna 31. oktober 2009. Det er ein bit av dette bandet Jon Asgaut Flesjå har hengjande på veggen i glas og rame. -For første gang sidan istida gjekk det an å gå tørrskodd til fastlandet, seier han om storhendinga. Foto: Jon Asgaut Flesjå|Jon Asgaut Flesjå i kjent positur på kontoret, klar for ein ny artikkel.

Jon Asgaut Flesjå synes det er litt vemodig å slutta i eit arbeid som han har levd og ånda for i 17 år. Men det er ei tid for alt, som det heiter,  og nå fann han tida inne til å gi seg. I oktober rundar han 67, og kan løysa honnørbillett.,

-Det er ein jobb som har gitt meg mykje glede, seier han i dette avskilsintervjuet med Øyposten.

Jon Asgaut Flesjå blei tilsett som redaktør i Øyposten 4. mai 2004,  ein jobb han overtok etter Anna K. Hellevang.

- Då hadde Finnøy kommune vedteke å leggja ned jobben min som kulturkonsulent, og eg ana ikkje kva eg skulle leva av. Melkeproduksjonen heime på garden hadde eg også avvikla. Eg var difor svært takknemlig då redaktørjobben i Øyposten dukka opp som ein mulighet, og styret prioriterte lokal tilhøyrighet framfor andre kandidatar som kanskje var meir kvalifiserte, seier Flesjå.

Opplagsrekord

Det viste seg å bli eit godt val. Då Jon Asgaut Flesjå overtok som redaktør, var avisa langt nede. Opplagstala blinka faretrugande raudt, og avisa risikerte å mista pressestøtta. Det ville i så fall vore kroken på døra.

-Men det lukkast å snu skuta. Eg blei møtt med tillit av lesarane, og opplaget tok seg godt opp, seier han.

Faktisk tok opplaget seg kraftig opp, frå under 1000 abonnentar til 1400, noko som var rekord.

Jon Asgaut Flesjå er innfødd finnøybu, og meiner lokalkunnskapen som det gir er ein stor fordel når du skal jobba i ei lokalavis.

Jon Asgaut Flesjå i kjent positur på kontoret, klar for ein ny artikkel. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Kva er det kjekkaste du har vore med på?

-Eg har vore heldig og fått vore tett på to av dei største hendingane i Finnøy-samfunnet si nyare historie, nemleg Finnfast og at Finnøy blei ein del av Nye Stavanger, kjem det kjapt.

Jon Asgaut Flesjå hugsar med glede tilbake på avstemninga i Stortinget om Finnfast, som han fylgde frå galleriet, og då han etterpå blei invitert på kake for å feira hendinga på samferdselsministeren sitt kontor.

Finnfast-snora i glas og ramme

- Den gong heldt Øyposten til i det gamle handelslagsbygget på Judaberg, der kor Steinnnes VVS held til nå. Der investerte me i ei klokke som me hengde på veggen ute, og som talde ned til åpninga av Finnfast.

Det var heilt spesielt å få vera med å skyta den siste salva i Finnfast, og få vera blant dei første som kjørte gjennom tunnelen i saltvatn og sorpa, minnest han.

Jon Asgaut Flesjå har også teke vare på ein bit av bandet som dåverande samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa klypte av for å merka den offisielle åpninga av Finnfast.

-Det heng i glas og ramme på veggen heime, med hennar namnetrekk. Det var trass alt første gong finnbøybuen kunne gå tørrskodde til fastlandet etter istida, humrar Flesjå.

Øypostene er viktig

Både som medarbeidar og som finnøybu håpar Jon Asgaut Flesjå at Øyposten fortsatt skal spela ei viktig rolle og vera premissleverandør i øysamfunnet. Han er spent på kva den nye eigaren, Schibsted, vil med avisa, og håpar at dei vil utvikle henne vidare.

-Øyposten er nå på mange måtar komen dit eg håpa ho skulle koma då eg begynte i avisa.  Lokalavisene har vist seg å spela ei stadig viktigare rolle, etter kvart som dei store regionavisene har trappe ned lokaldekninga. Difor håpar eg at Øyposten vil eksistera i ei eller anna form også om 10 år, som talerøyr for øyane her, seier han.

-Du skal vel ikkje leggja pennen heilt på hylla?

-Me får sjå, viss eg bli provosert nok kan det godt hende at eg tek han fatt igjen, og skriv eit innlegg. Og viss Øyposten treng ei hand er eg her, seier Jon Asgaut Flesjå, som har åtte barnebarn, gartneri, hytte på Søgne og 60 prosent jobb som anleggskonsulent i Norges Fotballforbund å bruka tida på. Men jobben i Øyposten, den avslutta han 1. august.