Lyse droppar fiber til Byre, men Brimse får

Lyse droppar å byggja ut fibernett på Byre, og grunngir det med at det var for få som melde interesse, og at det dermed blir for dyrt.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Lyse vil ikkje leggja fiber til Byre like vel.

FINNØY-RENNESØY:

Lyse har avgjort at det ikkje blir utbygging av fiber til Byre. Heller ikkje hyttene på nordsida av naboøya Tjørn får fiber.,

-På Byre var det for få som melde si interesse. Det var bare rundt 35, mens det trongst minst 50 før det var økonomisk forsvarleg å byggja ut. Bebyggelsen på Byre ligg ganske spreidt, og det er difor ei kostbar øy å byggja ut med fiber på. Det same gjeld nordsida av Tjørn, opplyser prosjektleiar i Lyse,  Richard Bjerga til Øyposten.

https://www.oyposten.no/2021/02/26/varloysing-for-fiber-til-fisteroyane/

Det er også planar om fiber til Brimse, og det arbeidet går sin gang, ifølge Bjerga.

-Her har me fått støtte gjennom fylkeskommunen til utbygging, så det vil bli realisert, seier han.

-Kan ikkje også Byre få det?

-Då må det koma eit initiativ frå fastbuande på Byre overfor fylkeskommunen, svarar Richard Bjerga.

I tillegg til planane på Tjørn og Byre, som nå altså blir droppa, blir det også arbeidd med å føra fram fiber til Atlatveit på Ombo. Også dette er støtta av fylket.

Harald Wiig Bjørn-Nielsen på Byre seier han ikkje har gitt opp å få fiber til øya.

-Fiberkabelen er komen hit til eit landtak, og me må nå tenkja oss litt om og koma tilbake til Lyse med eit alternativ. Men eg har fortsatt god tru på at me skal få dette til. Nå kjem 5G-nettet for fullt, og viss Lyse vil byggja ut med fiber bør det skje nå. For 5G er luftbasert, seier Bjørn-Nielsen.