Kommunen villig til å spytta i til vannledning til Dale

Stavanger kommune er villig til å gjera eit unntak frå «vannkøen», og foreslår å spytta i 800.000 kroner til vannforsyninga til Dale på Rennesøy. 

Jostein Kristiansen må ennå drikka vatn frå eigen brønn, men nå¨kan det blir fortgang i planane om å leggja vannledning under Mastrafjorden.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER

: Kommunedirektøren ville eigentleg sjå vannforsyninga til bygda på Rennesøy i forbindelse med den nye planen for vannforsyninga i kommunen, som nå skal lagast.,

Men oppsitjarane på Dale er utålmodige, og det har difor vore ein prosess i ettertid som enda med at kommunen nå er villig til å leggja vel 800.000 kroner på bordet for at vannledninga som blir lagt oppfyller kravet til kommunal standard. Det er nemleg ei forutsetning for at kommunen seinare kan overta ledninga.

Beløpet skal dekka ekstrakostnadane med å oppdimmensjonera ledninga til kommunal standard, som er 110 millimeter røyr. Det skal også etablerast landtak på Dale, kor private stikkledningar kan koplast på. Oppsitjarane, som har organisert seg i Dale Vannlag, må kosta legginga av ledninga, som er kostnadsrekna til rundt ein million kroner.

Saka kjem opp i det første møtet i kommunedelsutvalet i Rennesøy, og skal også behandlast politisk i Stavanger.

Publisert: