24 prosent av bilane i kommunen er elbilar, og rundt 30 prosent av passeringane skjer med elbil. I november i fjor, var 37 prosent av alle passeringane i Finnfast elbilar som kjøyrer gratis. Likevel låg tal passeringar per døger for vanlege konvensjonelle kjørtøy på like i underkant av 900 ådt (årsdøgntrafikk) Det er mest det doble av det som vart lagt til grunn då Finnfast vart opna i oktober 2009.

Men no kan gratiskøyringa snart vera historie, for i februar skal politikarane behandla eit forslag om nye takstar i tunnelen.

- Det har vore modent ei stund for at elbilane skal betala. I dette forslaget er det lagt opp til 50 prosent, så får me i høyringa sjå på om me skal gjera andre vurderingar. Eg trur elbilistane i Finnøy er budde på at dei må byrja å betala, seier ordfører Henrik Halleland til NRK.

Kr.42,40 for elbilar og lågare takstar for konvensjonelle kjøretøy

I forslaget til nye takstar som Statens Vegvesen har sent ut, og som er basert på Fylkestinget sitt vedtak frå i fjor, om å tilrå inntil halv pris av rabbatert takst for nullutsleppskjøretøy, ligg det også inne at vanlege konvensjonelle kjøretøy med autopassavtale får redusert prisen per passering. Sidan 2009 desse kjøretøya i Finnfast betalt 90 kroner per passering. No gjer Statens Vegvesen framlegg om at denne vert redusert til 85 kroner, medan elbilar (nullutsleppskjørtøy) skal betala kr42,40 for kvar passering. I tasktgruppe 2, vil prisen framleis vera kr435,- per passering.Basert på desse nye takstjusteringane skal Finnfast framleis kunne vera nedbetalt i 2024, meiner Statens Vegvesen.

Om ein i Finnfast og Ryfast, som opnar i desember 2019, likevel vel å gi fritak for nullutsleppsbilar(elbilar) er "riset bak speilet" at bompengeselskapet Ferde då må kjøpa inn dyrt teknisk utstyr for å kunne gjennomføre denne særordninga. Det vil utsetje nedbetalingsperioden av både Finnfast og Ryfast, eller alternativt føre til høgare bompengesatsar, heiter det også  i Statens Vegvesen si grunngjeving.

Saka om nye takstar i Finnfast kjem opp i kommunestyret måndag 11. februar.