Hanne Vasshus har fått æra av å spela og syngja under framlegginga av kommunebudsjettet på Tou Scene i dag.

SJERNARØY:

-Hanne og meg er venner, og har begge hatt Sjernarøy som vårt sommarparadis. Nå når Hanne har flytta til Kyrkjøy og jobbar som lærar på skulen på Sjernarøy, fann me ut at me ville gjera ein konsert saman, noko me har snakka om lenge, seier Mari Hauge til Øyposten.,-Me kallar det for ein minifestival, ein plass må jo alt begynna, så får me sjå kva det utviklar seg til, legg Hauge til.,Dei to visekunstnarane kjem, til å by på eigne songar i sjangeren visepop, og konserten går av stabelen 16. juli klokka 20.00. Hanne Vasshus er ein solid etablert artist, og blei kåra til årets Stavangerkunstnar i 2016. Mari Hauge har henta inspirasjon til songane sine frå tekstar til morfaren, Alfred Hauge, som var frå Kyrkjøy.,-Me kjem til å opptre kva for oss, men kjem også til å gjera noko saman, seier Mari Hauge, som opplyser at billettsalet alt er i gang, og at salget går bra.