Patricia Mendez i den vesle restauranten sin i Pedersgata i Stavanger, med salsasaus laga av produkt frå Finnøy.

STAVANGER: Pedersgata er ei av Stavangers mest berømte gater. Før i tida kanskje ikkje Stavangers mest fornemme strøk, men nå forvandla til den mest trendy gata i byen.,

Her, mellom allskens fancy restaurantar og kule plasser, åpna Patricia Mendez i mai taco-restauranten Casa Salsitas. Her kan du mellom anna få kjøpa fersk tomatillo dyrka i drivhuset til Jon Asgaut Flesjå på Finnøy, og tre typar salsasaus, røykt hot, vanleg hot og normal som passar godt til fisk. I alle tre er Finnøy-tomatilloen hovudingrediensen.

Den vesle restauranten har bare nokre få sitjeplassar ved vinduet, og er i hovedsak basert på take away.

Frå Mexico

Patricia Mendez er frå Mexico og har tatt sine meksikanske kokekunster heimanfrå med til Stavanger. Den taco'en du får kjøpt her, er ikkje ein typisk fredagstaco laga i full fart på kjøkkenet heime. Den er laga med meksikansk sjel og smak, og med salsasausen frå foredla råvarer frå Finnøy som ein av ingrediensane.

Patricia Mendez er fornøyd med responsen så langt.

-Det går bra, seier ho til Øyposten, og viser på Taco-menyen på veggen:

-Denne, "Birria de res", er den mest populære.

I tillegg til Taco produserer ho kvar veke 500 glas med salsasaus, som blir seld til butikkar i Oslo, Bergen og Stavanger.

-Det er eit nytt produkt på marknaden, som det nok tek litt tid å innarbeida, seier Patricia Mendez.

Tomatillo betyr eigentleg "liten tomat", og av utsjånad liknar frukta på grøne, tomater. Men frukta er likevel noko ganske anna med ein frisk og syrleg smak.

Eit bidrag for klimaet

I eit intervju med Øyposten tidlegare sa Mendez:

– Salsasaus er eit svært vanleg produkt i det det meksikanske kjøkkenet. I motsetning til nordmenn som stort sett brukar salsasaus til taco og nachos, blir salsasausen brukt til nær sagt alle typar mat, mest som ketchupen i Norge. Salsasausane mine er svært sunne, heilt utan konserveringsmiddel og sukker, og mest ikkje salt, altså mest mogleg naturleg.

I fjor kom tomatillos til semifinalen i det Det norske Måltid i årets grønn kategori.

-Me er stolte av at det blir dyrka tomatillo i Rogaland, skriv Patricia Mendez mellom anna på Facebook-sida si.

-Me er stolte av at me gjer vårt for å berga tomatillo'en frå klimakrisa, dette er vårt vesle bidrag på denne sida av kloden, skriv Patricia Mendez.