Gamle Rygjabø skule stod i full fyr laurdag kveld. Klokka 23.04 meldte Sør-Rogaland brannvesen om hendinga på sin Twitter-konto. Like etter midnatt melder brannvesenet Sør-Rogaland på sin Twitter-konto at bygget er overtent. Eirik Linndal, som bur eit par hundre meter frå Rygjabø, fortel at han høyrte sirenar, såg opp og såg flammar opp frå gamle Rygjabø skule.

Det skal ikkje ha vore nokon personskade. Bygget skal vera overtent, men det skal ikkje vera fare for spreiing ifølge politiet på Twitter. Noko operasjonsleiar, Victor Jensen bekreftar til Øyposten.

- Me veit ikkje så mykje meir enn det me har opplyst på Twitter. Meldinga kom inn like etter klokken 23.00, og lokalt brannvesen saman med politibåt frå Stavanger er på plass.

- Kan de sei noko om årsaken til brannen?

- Nei, det er for tidleg å sei. Men me tar i mot tips frå vitner på 02800.

- Er brannen under kontroll?

Politiet etterlysar vitner til brannen. Dei kan kontakta 02800 eller med politiet på staden.

Ifølge Skeiseid har det frå denne skulen vert utdanna 2300 husmødre på den gamle husmorsskulen frå tida 1930-1976. Bygget blei reist som ein amtskule i 1903.

Ein Øyposten-lesar fortel sundag morgon at brannvesenet no held vakt og ventar på at nokon skal komma og ta ned pipa.

(Foto: Jørn Eric Gabrielsen)

(Foto: Tor Øyvind Skeiseid)

(Foto: Eirik Linndal)