FOGN: Ørnareiret er snart ferdig både inn-og utvendig, men grendalaget har bestemt at den offisielle opninga skal skje etter sommarfeierien.

Seremonien er sjølvsagt open for alle. Det blir informasjon om prosjektet, diverse helsingar, snorklypping, drøs og enkel servering.

Dagsturhytta skal vera ein god og sosiala stad å komma til. Her kan du søka ly for vêret, varma deg, eta nistepakka, kvila eller berre nyta utsikten.

I dessa dagar er turstigruppa i ferd med å skilta stiane til og frå hytta. Alle dagsturhyttene har lik skilting, uansett kor dei er, og kva som fins av skilting frå før.