Her blir det asfaltert i Rogaland i år

Rogaland fylkeskommune bruker 114,7 millionar kroner på asfaltarbeid og merking av fylkesvegane i 2022.

  • Bjørn Egil Gilje
Publisert: Publisert:

Publisert av Bjørn Egil Gilje,Publisert 13.05.2022 09.21

Asfaltsesongen starta i byrjinga av mai og mange fylkesvegar i Rogaland får ny asfalt dei neste månadane.,– Arbeidet med å legge ny asfalt skjer heile døgnet. Asfaltarbeid er støyande, og eg forstår at arbeidet er forstyrrande for naboar. Grunnen til at arbeidet skjer også på kveldar og netter, er omsynet til trafikantane, fortel prosjektleiar Christian Gryte i Rogaland fylkeskommune.,Rogaland fylkeskommune har skrive fire kontraktar for asfaltering og fresing med tre entreprenørar: Velde Asfalt AS har fått kontrakten for Nord-Jæren og Dalane. NCC Industry AS har fått kontrakten for Ryfylke. Peab har fått dei to kontraktane i nord-Rogaland.,Dei tre leverandørane skal produsere og legge nesten 76 000 tonn asfalt.,Asfaltsesongen varer til godt ut på hausten, kanskje så lenge som november. Dette avheng av vêret.,Prosjektleiar Gryte ber publikum vise omsyn og følge skilting og dirigering.,– Ta omsyn til dei som jobbar langs vegane. Arbeidsfolk langs vegane er spesielt utsett for ulykker, poengterer han.,Her kjem det til å lukta nylagt asfaltFylkesveiHvorFv 46,Kårhus - IlsnesFv 46,Ølmedal - KvaløyFv 46,Skipavåg - VikaFv 4736,Isvik - MalasevatnFv 4738,Asbjørnhaug - VåganeFv 520,Tysseland - ÅsFv 511,Stangelandsgata til Havnegata (Kopervik)Fv 4848,TuestadvegenFv 4848,NorheimsvegenFv 4850,StorasundgataFv 515,Grinde - SkjoldastraumenFv 547,Håvik - BrekkeFv 4620,DalakerFv 4620,ØsthusvikFv 4636,KleppavegenFv 4638,Meling - SvinesFv 4658,DøvikaFv 4658,FiskåFv 4664,SeldalsveienFv 4680,RandøyFv 4258,RusdalFv 4258,Eik - KjørmoFv 4320,ØrsdalenFv 4380,HognestadvegenFv 4382,BøvegenFv 44,Egersund sentrumFv 4414,FrafjordtunnellenFv 4492,HanadalenFv 4496,AuestadslettaFv 4496,NoredalenFv 4498,SøredalenFv 450,Gilja - DirdalFv 4506,Li - HommersåkFv 4532,Forus - VassbotnenFv 4548,MadlamarkFv 4560,Kvernevik - TastaFv 505,FrøilandFv 507,Bore - ReveFv 510,Rege - SolaFv 516,Vatnekrossen - Vatne,