Finnøy-jente satsar på økologisk butikk, midt i byen

-Det går over all forventning, smiler Ida Sevheim som saman med sambuaren driv Stavangers einaste reine økologiske daglegvare.

Ida Sevheim utfor butikken i Stavanger, den einaste spesialbutikken for økolgiske daglegvarer i byen.|Det går over all forventning, seier Ida Sevheim om drifta av den økologiske butikken.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

STAVANGER: Det er travle dagar for Ida og hennar greske sambuar Dimitrios Papachristodoulou.,

-Ja, det er nok å gjera når to butikkar skal drivast. Men det er veldig kjekt, seier ho.

Arva frå Finnøy

Ullandhaug Gårdsbutikk er to spesialbutikkar for økologisk mat og miljøvennlege produkt.  Den eldste ligg på Ullandhaug Økologiske Gård og den nyaste ligg berre eit steikast frå hurtigbåtbåtterminalen i Stavanger.

Interessa for økologisk og berekraftig mat har Ida med seg frå barndommen på Finnøy.

-Både foreldra og besteforeldra mine er opptekne av å lage sunn mat av gode og kortreiste råvarer. Eg vaks opp tett på naturen med ein far som både fiska og jakta og ei mor som ofte tok meg med for å plukka ville bær eller gå på soppturar i skogen.  Interessa for «rein» mat og matlaging har eg teke med meg vidare, seier ho.

At sambuar Dimitrios har bakgrunn som restauranteigar er heller ikkje ei ulempe.

-Me er saman om det meste, men han tek seg av det som har med rekneskap å gjere, seier ho og fortel at det var eit reint tilfelle som gjorde at ho blei butikkeigar.

Tok over to butikkar

Etter vidaregåande klarte ikkje Ida heilt å finna ut kva ho skulle bli i livet. Ein dag var ho innom Ullandhaug Gårdsbutikk i Langgata som den gong vart driven av Gunhild Flatebø og Harald Wiig Bjørn-Nielsen.

 Det går over all forventning, seier Ida Sevheim om drifta av den økologiske butikken.

-Eg fekk det for meg at her ville eg jobba. Dei hadde eigentleg ikkje tenkt å tilsetje nokon, men eg var ganske pågåande, ler Ida.

Til slutt blei ho kalla inn til intervju, og fekk jobben.  Det viste seg at Harald og Gunhild hadde leita etter nokon som kunne ta over drifta av butikken og vidareføre det dei hadde bygd opp sidan dei tok over i 2003. Dermed fekk Ida og Dimitrios tilbodet. Dei tok over drifta i mars 2020 og kjøpte offisielt butikkane i januar 2021.

Ideelle lokalar

Ikkje lenge etter ble eit lokale tvers over gata, i Verksgata 13, ståande tomt etter at Plantasjen flytta ut.

-Me hadde lenge tenkt at det var ein fin stad å ha butikk, og då lokalet vart leigd ut var det berre å slå til. Me kunne ikkje få ein betre stad til butikken vår, seier Ida.

Ullandhaug Gårdsbutikk er den einaste butikken i Stavanger som sel berre økologiske matvarer. Mange av grønsakene kjem frå garden til Gunhild Flatebø og Harald Wiig Bjørn-Nielsen på Byre. I tillegg sel dei det meste av det som blir produsert på garden på Ullandhaug, som grønsaker, urter, og hagedekorasjonar. Butikken har fått gullstempel frå Debio som eit bevis på at 90 prosent av det dei sel i butikken er økologisk.

-Me har 99 prosent økologiske varer, og utfyller dermed kravet med glans, seier ho.

-Kva me å starta butikk på Finnøy òg?

- Akkurat no har me meir enn nok med to butikkar. Men eit «plaster på såret» er at me held til så godt som på hurtigbåtterminalen, og tunellen er gratis. Så det er berre å koma.

Publisert: