Statens Vegvesen sitt bygg i Mortavika har ledig kapaistet for utleige. Foto: Arkiv

RENESØY

: Det er likevel aktivitet på huset. Statens Vegvesen, fylkeskommunen og lastebilnæringa og enkelte andre, har regelmessige møter.,

– Dersom nokon ønskjer å bruka lokalar til møter, eller andre ting, er det berre å ta kontakt. Me er interessert i at bygget skal brukast.  Me har ein del samarbeid med fylkeskommunen i tillegg til bedrifter i nordfylket, difor har me komme fram til at å møtast på halvvegen er ein god idé. Bygget har alle nødvendige fasiliteter, kjøken og toalett. Romma er store og praktiske, og egnar seg bra til vårt bruk, seier Tor Skårland i Vegvesenet.

Mange bubilar

Statens Vegvesen har også ansvar for toaletta og parkeringsplassen på området.

- Det er ikkje slik at det ikkje skjer ting i og rundt bygget. Me opprettheld venterommet og toalettfasilitetane for dei reisande på same måte som før. Den seinare tid har me og sett at stadig fleire bubilar parkerer på området. At dei brukar toalettet ser me ikkje på som eit problem, tvert i mot, så lenger dei ryddar etter seg og held det fint. Det er berre kjekt at bygget og området vert brukt, og ikkje står tomt, opplyser Tor Skårland i Stens Vegvesen.