Kjempegod mat, verd kvar krone, seier denne gjengen. F.v: Rasmus Vignes, Aksel Tungland, Kjell Morten Eggebø, Trygve Spanne og Morten Bukkholm|Kjempegod mat, verd kvar krone, seier denne gjengen. F.v: Rasmus Vignes, Aksel Tungland, Kjell Morten Eggebø, Trygve Spanne og Morten Bukkholm

FINNØY:

Onsdag i denne veka gjekk Utsyn breitt ut og inviterte til lunsj og middag. 300 kroner, eller meir per måltid. Alle kunne betala så mykje dei ville, men minsteprisen var 300. Inntektene var øyremerke hjelpearbeidet i Ukraina. Alle dei tilsette jobba på dugnad denne dagen, og Skavland gartneri på Talgje sponsa tomatane.,

Rundt 200 personar var innom og fekk seg eit betre måltid frå buffeen, rundt 60 personar kom til lunsj og 140 til middag.

- 65 500 kroner kan me senda til hjelpeorganisasjonen, det er me svært takksame for. Tusen takk til alle som kom og åt, og såleis støtta opp om initiativet, seier dagleg leiar på Utsyn, Sissel Marie Bjerga.