– Å ta hurtigbåten er mykje dyrare enn å ta buss, og nå må me betale for å ta ferjene att. Eg føler me straffast for å bu på ei øy, seier Oxana Kembel frå Fogn.

Øyposten trefte ho i ferjekøen på Judaberg rett etter at Rogaland fylkesting tysdag vedtok å gjeninnføra betaling på ferjene. Billetteringa skal koma på plass seinast 1. april.

Lenge å venta

Oxana jobbar i Skatteetaten i Stavanger, og ho brukar ofte bilen til jobb.

– Nå er det 50 minuttar til ferja kjem, seier ho.

Sjølv om ferja enn så lenge er gratis, er det ulemper nok. Ein må alltid venta til ferja kjem.

Det raudgrøne fleirtalet på Stortinget var einige om å finansiera gratis ferje blant anna i Finnøysambandet for å stimulera næringslivet på ikkje landfaste øyar. Rogaland fylkeskommune fekk overført ekstra midlar, men midlane var ikkje øyremerkte. Det blågule fylkesfleirtalet fann eit svakt punkt for å torpedera regjeringas politikk.

Staten er soleklar

Gratis ferjer i Finnøysambandet blei innført 28. september i 2022. Den gongen var Ap-politikar og fognabu Jon Olav Runestad eigentleg ikkje så veldig oppteken av denne distriktspolitiske handsrekkinga, seier han, men han har blitt det nå.

– Når fleirtalet på Stortinget har bestemt at me skal ha denne vesle fordelen her ute, så er det provoserande at Rogaland fylkesting saboterer det, seier Runestad.

Under debatten i fylkestinget tysdag var det representantar frå fleirtalet som sa at det hadde kome uklare signal frå regjeringa i denne saka. Det omtalar Runestad som rein hersketeknikk:

– Eg har prata med mange sentrale i regjeringa i denne saka, og eg har sjeldan høyrt klarare tale. Sanninga er at Rogaland ikkje har sendt eit einaste spørsmål til Oslo om kva som er statens politikk. Grunnen er at dei veit kva svaret hadde vore; staten vil at ferjene i Finnøysambandet og til Kvitsøy skal vera gratis.

Dyrast i landet

Fotgjengarar og syklistar skal framleis få reisa gratis. Køyretøy må betala kring 75 prosent av takstane før det blei gratis hausten 2022.

Runestad ser det som eit paradoks at øyane i Rogaland med eitt får landets dyraste ferjesamband:

– Ferjeprisane i riksvegnettet er halvert over heile landet, og Rogaland er det einaste fylket som har trassa statens politikk. Så når me må betala 75 prosent av «full pris», har me plutseleg fått landets høgaste takstar.

– Spesielt at Rogaland KrF, som har programfesta gratis ferje, er med å fronte dette, er tragikomisk, legg Runestad til.

Kva meiner du om at køyretøy må betala på ferjene att?