På Finnøy er det sjuande trinn i grunnskulen som har ansvaret for å arrangere 17. mai. Elevane der framførte raplåten «Til Dovre faller» og leverte årets 17. mai-tale i videoform.
«Tenk så heldige me er» var omkvedet i videotalen. Elevane viste til at me har då både gratis helsehjelp og gratis ferje, og at me til trass for dyrtid har reint vann og straum som kan lade både bilen og mobilen.
– Tenk så heldige me er som bur i eit land der jenter kan bli brannmenn og gutar kan bli sjukepleiarar, var bodskapen frå elevane i det friske innslaget.
Finnøy musikkorps underheld mens hallen fyllest opp etter at folketoget er avslutta. Foto: Sigbjørn Høidalen
Rammene for årets 17. mai var dei aller beste, med mykje sol og bris nok til å strekke ut flagg og kjøle ned folk i bunad. Fleirbrukshallen, der det i tillegg til underhaldning blei servert pølser, lapskaus og kaker, var smekkfull av folk.
Is høyrer med på 17. mai; f.v. Ella Berge, Alida Spanne Heggelund og Samuel Spanne Heggelund. Foto: Sigbjørn Høidalen
Ein fast post på programmet er premiar for innslag under bilkortesjen og folketoget. I år blei desse kåra:
Beste innslag under bilkortesjen: Kristoffer Milje
Kristoffer Milje fekk napp i vandrepokalen for denne bilen med raust med bjørk på taket og ope panser for å gi ekstra god lyd. Foto: Jan Terje Vignes
Beste traktor: Steinnes Gard
Beste bil: Ellen Haraldseid
Beste innslag i folketoget: Sjetteklasse
Etter programmet i hallen var det leiker oppe på idrettsbanen. Her er fleire bilete frå feiringa:
Tone Salomonsen (t.v.) og Anne Maiken Trahaug, foreldre til elevar på femte trinn, gjer seg klare til folketoget. Foto: Sigbjørn HøidalenHanne Ruud Mjølsnes (t.v.) og May Brit Amaliksen i Finnøy musikkorps har spela på Ombo før dei spelar i folketoget på Judaberg. Foto: Sigbjørn HøidalenFolketoget startar på runden i Judaberg sentrum. Foto: Sigbjørn HøidalenFolketoget på Finnøy er ikkje minst eit barnetog, med skulen og barnehagane som dominerande innslag. Foto: Sigbjørn HøidalenDesse tre kosar seg med underhaldninga; f.v. Bjørg Helen Helle, Folke Helle og Liv Klev. Foto: Sigbjørn HøidalenEit hoppeslott var ein av attraksjonane på idrettsplassen utanfor Finnøy skule. Foto: Sigbjørn HøidalenSonja Haraldseid Bleie med vinnarbilen frå bilkortesjen. Foto: Ellen Haraldseid Bleie