MOSTERØY: 17, mai-komiteen, med Kari Langvik Østhus i spissen, opphavleg frå Ombo, hadde skote gullfuglen då dei fekk ingen ringare enn ONS-sjefen Leif Johan Sevland til å halda dagens tale på nasjonaldagen i Mastrahallen.

-Det er ei stund sidan eg har halde 17. mai-tale nå, røper Sevland overfor Øyposten.

-Difor sette eg veldig pris på å koma nettopp til Mosterøy, som er ei usedvanleg vakker øy med sterke historiske band. Dessutan er det drivande folk her ute, slår Sevland fast.

Kari Langvik Østhus ynskjer Leif Johan Sevland velkommen til Mastrahallen. Foto: Rune Nedrebø

Han gjekk på talastolen med eit klart budskap: Klimautfordringane hastar.

-Eg reiser mykje rundt omkring og møter folk. Og kor eg kjem seier dei at klimaet er endra, sa han.

ONS-sjefen, og tidlegare ordførar gjennom 16 år i Stavanger, peikar på at klimautfordrinagne er alvorlege både for Stavanger og resten av verda.

-Me har sett ein frist fram til 2050 til å ordna klimautfordringane, men då kan me ikkje venta til desember 2049 med å gjera noko. Det må skje nå, og Norge som eit rikt land må bidra, sa Sevland mellom anna.

Den tidlegare Stavanger-ordføraren rosa Mosterøy-samfunnet frå talarstolen.

-Det er eit av dei mest dynamiske samfunna i Stavanger, slo han fast.

Sevland var også innom både prestestyret i Iran og Ukraina.

– Me kan ikkje akseptera at Putin oppførere seg slik mot naboland som han gjer mot Ukraina, sa Sevland.

Sevland nytta anledningen til å helsa på mellom anna Anders Schanche Rettedal og kona Inger Lise. Foto: Rune Nedrebø

Han var også innom dei demokratiske utfordringane i Vesten.

-Demokratiet er i endring, friheten, pressefridomen og demokratiet er under press. Journalistar er redde for å skriva det dei vil. Me kan ikkje ta dette for gitt, men må kjempa for det, sa han vidare.

Sevland runda av med at om Eidsvoll-mennenne hadde sett det samfunnet som Norge er blitt til, ville dei blitt både rørte og stolte.

-Norge har forvalta arven frå 1814 godt, slo Sevland fast, og omtalte med djup kjærlighet dette landet kor vakre mai kan by på åtte grader, nordavind og regn i lufta.

-Men det er difor me bur her, slo han fast.