Styreleiar i Haga Panorama, Alf Erik Dybing vil at foreldre skal følgje betre med på kva ungdomane driv med om kveldane. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Eg lurar på kor foreldra er hen, seier styreleiar i sameiget, Alf Erik Dybing til Øyposten. Han meiner at enkelte foreldre har altfor lite kontroll på kva ungane driv med på kveldstid og kven dei er i lag med.

– To fredagar på rad no, har ein ungdomsgjeng kasta egg på fasaden i blokka. Me har overvåkningskamera og skal søkje om å få lov til å filme ut mot vegen for å få dei på film når dei driv med hærverk.

Han fortel at ein fasadevask fort kostar rundt 70000 kroner. Vil ikkje foreldra eller ungdomane betale for dette, skal dei få lov til å vaske sjølv, meiner Dybing.

Fekk overvåkningskamera

Dybing fortel at dei tidlegare var plaga med ungdomar som sparka i dørene seint på kvelden og skremte dei eldre som bur i blokka, men at dette heldigvis gav seg når dei sette opp overvåkningskamera.

– Eg har bilete av nokre av dei gutane som kasta egg ein gong tidlegare i år. Når eg finn ut kven gutane er, kjem eg til å kontakte foreldra. Nokon må betale for fasadevasken, og det er ikkje dei som bur i blokka som skal ta den rekninga, seier han. Han legg til at det er snakk om store mengder egg, og han lurar på kor dei har fått tak i desse.

– Har dei kjøpt så mykje egg? I så fall bør det vere registrert nokon stad. Eller kan dei vere stolne egg?

Dette er Haga Panorama, der bebuarane stadig blir plaga med hærverk og bråk av ungdomar. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ber foreldra ta tak

Ein annan bebuar i sameiget fortel at det blei sendt opp fyrverkeri også no i helga. Dette kan styreleiaren ikkje stadfeste, men seier at dette var eit stort problem tidlegare.

– Eg vil oppfordre foreldra til å ta seg ein tur ut på fredags- og laurdagskveldane. Det er foreldra som har ansvar viss gjerningspersonane er mindreårige. Dei eldre ungdomane er over den kriminelle lågalderen, og risikerer straff dersom dei blir tatt på fersken. Og dei kjem til å bli tatt. Me følgjer med, seier Dybing.

Øyposten fortalde måndag om ein eldre mann som blei utsett for vald på sykkelstien mellom Kiwi og Judaberg. Det er ikkje noko som tydar på at dette er same gjerningspersonane.

Tidlegare har Øyposten også fortald om at Finnøy skule har hatt problem med hærverk. Finnøy skule ligg like ved Haga Panorama.

Kart som visar Haga Panorama: