Emma Helle Loffeld frå Rennesøy går på Randaberg vidaregåande skule. Ho deltok i Elevtinget 2024. Foto: Privat

I Elevtinget møtast 600 elevar for å bestemme kva Elevorganisasjonen skal meine. Elevorganisasjonen er ein partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon som arbeider for ein skule på elevane sine premiss.

I det daglege er Loffeld elev ved Randaberg vidaregåande skule. Det var denne skulen ho representerte då ho deltok på Elevtinget.

– På Randaberg VGS tilbyr me fleire yrkesfaglege studieløp. Spesielt på TIF og elektrofag har fleire elevar sagt at dei saknar sport og idrett i kvardagen, seier ho til Øyposten.

Fysisk aktivitet

Ho legg til at mange nyttar fritida si til idrett og fysisk aktivitet, men at ho trur at det ville auke motivasjonen til fleire elevar om dei kunne kombinere ulike interessefelt.

– Eg trur det vil gi høgare lærelyst, seier ho:

– På sikt kan dette kanskje vere med på å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring? Det ligg ei stor verdi i å gi ungdommar sjansen til å utforske både faglege og sportslege interesse. Denne kombinasjonen kan gi ungdom moglegheita til å finne ei balanse mellom idrettsengasjement og gode ferdigheiter innanfor eit yrkesfag.

Moglegheiter i Rogaland

Det er berre to offentlege skular i Rogaland som har tilbod om kombinert idrett- og yrkesfag.

– I sørfylket har Jåttå vidaregåande skule 15 plassar på Vg1 bygg- og anleggsteknikk og 15 plassar på Vg1 helse- og oppvekstfag. Dei har også 15 plassar på Vg2 tømrar, og har tidlegare hatt 15 plassar på Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag, fortel Helge Eide, seksjonssjef i opplæringsavdelinga Rogaland til Øyposten:

– I Haugesund har Haugaland vidaregåande skule 15 plassar på Vg1 bygg- og anleggsteknikk og 17 plassar på Vg1 helse- og oppvekstfag. Skulen har ikkje dette tilbodet på Vg2 grunna manglande interesse.