Brygga på Judaberg fekk store skader i vinter og har stått avstengd etterpå. Etter påske vil ho bli reparert. Foto: Silje Talgø Klakegg

Det var kommunedirektør Per Kristian Vareide som meldte saka til politiet, etter at bystyret gav han lov til det.

I meldinga står det «I en gang i perioden mellom 6. til 12. november 2023 på Judaberg, ble den offentlige terrassen som er bygget på den offentlige kaia skadet. Det antas at det er en båt som har kjørt inn i anlegget og skadet det. Skadene er så omfattende at terrassen må rives og bygges opp igjen. Kostnadene er estimert til mellom 300 000 – 500 000 kroner».

Henlagt i desember

Politiet henla saka allereie i desember. I henlegginga står det «Du underrettes med dette om at saken er henlagt fordi politiet ikke har tilstrekkelige opplysninger til å identifisere gjemingspersonen(e)».

Paviljongen blir mye brukt av folk som handlar mat i matvogna eller som tek seg ein is frå Coopen, og elles andre som treffast til ein prat på kaia. Øyposten har tidlegare skrive om brygga som fekk seg ein trøkk.

Kommunal eigedom

Det er Stavanger kommune som eig kaia. Sidan støyten har eit område vore avsperra med gjerder fordi kommunen ikkje veit kva stand brygga er i.

– Brygga blei flytta på fundamentet, så me tar ingen sjansar og har derfor sperra av området, seier Eirik Christophersen, driftsleiar i Stavanger kommune.

Han fortel at Heimlund bygg kjem for å fikse brygga over påske.

– Dei blei tildelt jobbet etter ein minikonkurranse, fortel Christophersen.