Torsdag 4. april blir det frukostmøte i Banken Meieriet om næringsutvikling i Vikevåg. Fredag 19. april kjem marknadssjef Kamilla Ruud til Teal på Judaberg for å fortelja om PR-strategien til Red Bull Norge.

Dette er to av postane på vårprogrammet til Næringsutvikling i Øyriket (NiØ). Dei lanserer nå ei ny nettside, der du finn heile programmet.

– Me oppfordrar folk til å melda seg inn som medlem på nettsida vår, så får du invitasjonar til treff, kurs og andre viktige samlingar, seier Tom Egill Tobiassen i reklamebyrået Ryklame.

Næringsnettverket er eit gratistilbod. I trådane trekker innbyggjartorga i Vikevåg og på Judaberg, bygdeutviklar Jan Grimstad i Stavanger kommune, lokale bedrifter og Ryklame. Slagordet er «Få opp øyene».

– Me skaper treffpunkt for gründerar, bønder og næringslivsleiarar. Målet er å byggja eit nettverk som ser og støttar kvarandre og som saman kan veksa og skapa attraktive arbeidsplassar, seier Tobiassen.